Den katolske kyrkja på Færøyane

Den katolske kyrkja på Færøyane (Katólska Kirkjan í Føroyum) held til i Mariukirkjan i Tórshavn. Mariukirkjan er senter for den katolske kyrkjaFærøyane — det finst om lag 130 fastbuande katolikkar frå 23 ulike land på Færøyane (2004).

Soge endre

 
Dette frimerket frå 2000 er til minne om dei tusen åra Færøyane har hatt kristendom.
 
Mariukirkjan

I år 999 sende Olav Trygvason, kongen i Noreg, Sigmund Brestesson til Færøyane saman med prestar «for å reinse folket og gjera kjend for dei det fremste i deira kristne tru». Innhaldet i kristendommen, kyrkjelæra, var katolsk.

I år 1100 vart Færøyane organiserte i eitt bispedømme, og i 1111 vart første biskopen sett inn på Kirkjubø, der bispesetet var. Det kom til å sitja 34 katolske biskopar der dei neste 400 åra.

Den siste av desse var Ámundur Ólavsson, som sat i embetet sitt til 1538. Kristian III hadde avsett Det norske riksrådet i 1535 og gjort Noreg (og dermed òg Færøyane) til dansk land. I 1537 avgjorde kongen at reformasjonen skulle gjelde for Noreg og dermed samtidig for Færøyane. Ved denne anledninga vart det gamle biskopsembetet teke bort, sameleis presteskulen; og all den jorda som den katolske kyrkja åtte på Færøyane vart lagt under kongen. Kyrkjemålet vart dansk.

1857–1900: Det bayerske mellomspelet endre

Etter det danske trusfridomsvedtaket i 1849 vart det arbeidd for å atteropprette den katolske kyrkja på Færøyane. Presten Georg Bauer frå Bayern kom til Færøyane i 1857. Han bygde ei kyrkje í Rættará, men fann ikkje mykje gjenklang. Da Bauer forlét Færøyane om lag 1880, var det ingen til å taka over arbeidet hans og kyrkja forfall. Kring 1900 fanst det berre att ei katolsk kone på Hvítanes. Ho hadde sitt eige kapell der og fekk vitjing ein gong i året av ein katolsk prest frå København som kom og heldt messe for henne.

1931: Fransiskanarsystrene endre

I 1931 vart den katolske kyrkjelyden atterreist. To nylærde prestar, E.G. Boekenogen og Thomas King, ville gjerne taka seg arbeid på Færøyane. I huset åt Fransiskanarsystrene, som kom til Færøyane same året, vart ei lita kyrkje innvigd den 23. mai 1931. Mellom dei første som oppsøkte kyrkja var nokre gamle folk som i barneåra hadde komme til kyrkja hans Bauer prest.

Men kyrkja i Bringsnagøta var svært lita, og saman med den nye skulen åt Fransiskanarsystrene lét byggje vart det òg bygd ei vakker kyrkje som vart vigsla den 19. desember 1933.

1987: Den noverande Mariukirkjan blir innvigd endre

Den Mariukirkjan som no er, vart vigsla den 30. august 1987. Den førre Mariukirkjan stod i St. Frans skóli i Varðagøta. I denne kyrkja kjem kyrkjelyden saman for å halde messe, og lyser alt opp under bøn og song. Det ligg ein urtehage kring kyrkja, og her veks alskens urter; somme stammar frå landa på den sørlege halvkula, som kjem frå same slags veksttilhøve som på Færøyane — noko som blir sett som eit bilete på at Mariukirkjan høyrer med i verdas katolske samfunn.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre