Den kinesiske muren
Opprydding: Denne artikkelen kan ha godt av ei opprydding. Sjå korleis du redigerer ei side og stilmanualen for hjelp. |
Denne artikkelen kan ha godt av ein språkvask |
Den kinesiske muren er ein 8 851,8 kilometer lang mur og er eit forsvarverk bygd av jord og stein.
Den kinesiske muren | |||
byggverk | |||
![]() Den kinesiske muren | |||
Dei blå stripene og dei svarte ikona representerer høvesvis Ming-dynastiet sine murar og sine ni garnisonar. Fargen indigo representerer murane til dynastia Liao og Jin (1066–1234). Dei mørkelilla stripene - dynastia Nordlege Qi og Sui. Stripene som er rosa/ lys lilla representerer murane til Nordlege Wei-dynastiet. Raudt, Han-dynastiet. Gult, dynastia Wei, Zhao, Quin og Yan.
| |||
Wikimedia Commons: Great Wall of China | |||
Land | Kina |
---|---|
![]() | Innskriven ved UNESCOs 11. sesjon i 1987. Referansenr. 438. |
Kriterium: | I, II, III, IV, VI |
Sjå òg | Verdsarvstader i Asia |
Bakgrunnsstoff | Den kinesiske muren ved unesco.org |
Muren ligg i det nordlege Kina. Han vert rekna som jordas største byggverk. Muren har hatt fleire føremål, mellom anna grensekontroll, og å forenkla innsamling av tollavgifter.
Den eldste delen av muren som eksisterer, er frå 500 fvt. Den biten er del av Den store Qi-muren. Den første keisaren av Kina, Qín Shǐ Huángdì fekk i regjeringstida si (221–206 fvt.) knytta sammen festningsverk som tidlegare vart bygt av forskjellige statar i 771–476 fvt.[1] og i 475–221 fvt.
Fleire delar av den kinesiske muren er øydelagde eller har forsvunne med tida. Lokale folk har nytta steinen til byggemateriale. I dag er muren freda og vart oppført på verdsarvlista til UNESCO i 1987.
Det kinesiske namnet Wànlĭ Chángchéng (tradisjonell kinesisk skrift 萬里長城, forenkla kinesisk 万里长城) tyder 'den uendeleg lange borga' eller 'den lange borga på 10 000 li'.[a]
HistorieEndra
Den store Qi-muren vart byrja på i 685 fvt.[2][3] Staten Qi bygde mur for å skydde mot åtak frå dei sørlege statane Ju og Lu og seinare frå kongedømet Chu.
Staten Yan bygde murar under regjeringstida til kong Zhao av Yan (311–279 fvt.)[4]
Staten Zhao bygde murar i tida 325–299 fvt., regjeringstida til kong Wuling av Zhao.
Frå Qin-dynastietEndra
Murar i periferien til dei nordlege statane Yan, Zhao, og Qin vart knytt saman av Kina sin første keisar Qín Shǐ Huángdì, då han samla dei kinesiske statane i 221 fvt.[5]
Keisaren fekk i si regjeringstid (221–206 fvt.) knytta saman eldre festningsverk.[6]
I 212 fvt. gjekk muren frå Gansu til kysten av Sør-Mandsjuria.
Styrkane til Ming-dynastiet tapte mot Oiratane i Slaget om Tumu (1449). Krigføring mot mongolske stammar varte lenge. Ming-dynastiet endra sin stategi mot dei nomadiske stammane, ved å byggje murar langs den nordlege grensa til Kina. Muren gjekk langs Ordos-ørkenen sin sørlege kant. I Ming-dynastiet sin tid vart murstein og stein brukt for å byggja muren, i staden for å byggje jordvollar. Opp mot 25.000 vakttårn vart bygde, i følgje eit estimat.[7]
Invasjonar frå mandsjuarane byrja rundt 1600, og muren hjalp i forsvaret mot dem. Etter at Beijing fall til opprørs-styrkane til Li Zicheng, vart styrkar til mandsjuane sluppe gjennom portene i muren ved Shanhaipasset (25. mai 1644); ein general i Ming-styrkane, Wu Sangui, hadde kommandoen i området. [8] Mandsjuane tok Beijing, og slo opprørarane sitt Shun-dynasti, og slo dei Ming-styrkane som framleis gjorde motstand, og Mandsju-dynastiet herska over Kina.[9]
Muren vart bygd under Ming-dynastiet frå slutten av 1300-talet til byrjinga av 1600-talet. Muren skulle verna Kina mot plyndringar frå mongolske og tyrkiske stammer.
GalleriEndra
Endepunktet til muren frå Ming-dynastiet, støtar mot den avbilda naturformasjonen i Jiayuguan-passet i Gansu
Muren ved Jiayuguan
Muren frå Ming-dynastiet, ved Yinchuan i Ningxia
Muren i Yulin i Shaanxi
Muren i Juyongguan-området i byprovinsen Beijing
Porten i muren i Gubeikou i byprovinsen Beijing
Muren i Simatai i byprovinsen Beijing
Muren i Mutianyu i byprovinsen Beijing
Den kinesiske muren sitt endepunkt ved havet, ved Shanhaiguan. Denne biten kallast «Det gamle drakehovudet».
Den kinesiske muren. Badaling i 1979]]
MerknadarEndra
- ↑ 10 000 li er eit bilete for 'uendeleg' på kinesisk, slik at namnet på muren kan tolkast som 'den uendeleg lange borga'.
ReferansarEndra
- ↑ «Great Wall of China even longer than previously thought: Survey measures the wall at 21,196 km long». CBC News. 6. juni 2012.
- ↑ Christopher Knowles (2001). Fodor's Exploring China. Fodor's, original from the University of Virginia. s. 56. ISBN 0-676-90161-1.
- ↑ Atlas of World Heritage: China. Long River Press. 2008. s. 74. ISBN 1-59265-060-0.
- ↑ Di Cosmo 2002, pp. 142–43.
- ↑ Di Cosmo 2002, s. 139.
- ↑ «Great Wall of China even longer than previously thought: Survey measures the wall at 21,196 km long». CBC News. 6. juni 2012.
- ↑ Szabó|Dávid|Loczy|2010|p=220}}
- ↑ Lovell|2006|p=254}}
- ↑ Elliott|2001|pp=1–2}}
BibliografiEndra
- Di Cosmo, Nicola (1999). "13. The Northern Frontier in pre-Imperial China". In Loewe, Michael; Shaughnessy, Edward (redaktørar). The Cambridge History of Ancient China. Cambridge: Cambridge University Press. ISBN 978-0-521-47030-8.
- Elliott, Mark C. (2001). The Manchu Way: The Eight Banners and Ethnic Identity in Late Imperial China. Stanford University Press. ISBN 978-0-8047-4684-7.
- Lovell, Julia (2006). The Great Wall : China against the world 1000 BC – AD 2000. Sydney: Picador Pan Macmillan. ISBN 978-0-330-42241-3.
- Szabó, József; Dávid, Lóránt; Loczy, Denes, red. (2010). Anthropogenic Geomorphology: A Guide to Man-made Landforms. Springer. ISBN 978-90-481-3057-3.
BakgrunnsstoffEndra
- Julia Lovell: The Great Wall - China Against the World, 1000 BC-2000 AD. ISBN 1-84354-212-9
- Jacquetta Megarry: Explore the Great Wall. ISBN 1-898481-17-2
- Arthur Waldron: The Great Wall of China - From History to Myth. ISBN 0-521-36518-X