Den liguriske republikken

Den liguriske republikken (italiensk Repubblica Ligure) var ein kortvarig fransk klientrepublikk oppretta av Napoleon den 14. juni 1797. Han utgjorde den gamle Republikken Genova, som dekte det meste av regionen Liguria, nordvest i Italia. I juni 1805 vart området annektert av Franrkike og vart ein del av départementet Apennins.

Repubblica Ligure
Den liguriske republikken
Klientstat i Det første franske keisardømet

1797–1805

Flagget til Liguriske republikken

Flagg

Plasseringa til Liguriske republikken
Plasseringa til Liguriske republikken
Den italienske halvøya i 1796
Hovudstad Genova
Språk Italiensk
Styreform Republikk
Historisk periode Napoleonskrigane
 - Invadert av Frankrike 14. juni 1797
 - Annektert av Frankrike Juni 1805

Etter Napoleon sitt fall i 1814 vart Republikken Genova kortvarig gjenopptatt mellom 28. april og 28. juli. Etter Wienerkongressen vart derimot avgjort at den tidlegare republikken skulle gå til Kongedømet Kongedømet Sardinia og vart annektert 3. januar 1815. Den liguriske republikken nytta det tradisjonelle genuesiske flagget, ein raud kross på kvit bakgrunn.

Sjå òg

endre

Kjelder

endre