Wienerkongressen var ein konferanse der ambassadørar frå stormaktene i Europa møtte kvarandre i Wien frå 1. november 1814 til 8. juni 1815. Konferansen vart leia av den austerrikske statsmannen Klemens von Metternich.

Wienerkongressen av Jean-Baptiste Isabey, 1819.

Målet var å løyse stridar og teikne om att landegrensene i Europa etter napoleonskrigane som enda våren før, og som skulle gjenspegle endringane etter oppløysinga av Det tysk-romerske riket åtte år tidlegare. Diskusjonane heldt fram trass i at den tidlegare keisaren Napoleon I kom tilbake frå eksil og tok tilbake makta i Frankrike i mars 1815. Det siste vedtaket til kongressen vart signert ni dagar får Napoleon sitt endelege nederlag i Waterloo den 18. juni 1815.

Det som var uvanleg med Wienerkongressen var at det ikkje eigentleg var ein kongress. Ein hadde aldri fellesmøte og dei fleste diskusjonane var uformelle møte mellom stormaktene utan delegatar frå dei mindre statane.

Kongressen skulle avgjere forma på heile Europa etter napoleonskrigane, bortsett frå fredsvilkåra mellom Frankrike og dei krigførande maktene som vart avgjort med freden i Paris eit par månader tidlegare den 30. mai 1814 der Bourbonmonarkiet vart gjeninnsett og grensene vart tilbakeført til slik dei var i 1792. Det utfallet var svært upopulært i Frankrike og førte indirekte til at Napoleon fekk kome tilbake til makta i løpet av Dei hundre dagane.

Styrande prinsipp endre

Kongressen sine politiske prinsipp var:

  • Restaurasjon: Gjenoppretting av politiske tilstanden til Anno 1792,
  • Legitimitet: Talleyrand sitt prinsipp om rettferdiggjering av Ancien régime-dynastia sine krav,
  • Solidaritet: Dei rettmessige herskarane sin felles interessepolitikk til forsvar mot revolusjonære idear eller rørsler.

Deltakarar endre

Nesten alle statane i Europa og fyrstehusa deltok på kongressen. Dei fem stormaktene sine delegasjonsleiarar var Klemens von Metternich for Austerrike, Castlereagh for Storbritannia, keisar Aleksander I og Nesselrode for Russland, Hardenberg og Humboldt for Kongedømet Preussen, og Talleyrand for Frankrike.

Forløp endre

Det polsk-saksiske spørsmålet førte til randen av krig. Oppteke av den europeiske likevekta motsette Castlereagh og Metternich seg at Russland skulle få annektere Polen. Talleyrand, fransk utanriksminister både under Barras, Napoleon og kong Ludvig XVIII nytta seg av krisa til å oppnå ei politisk styrking av Frankrike ved at han tiltredde den hemmelege britisk-austerrikske pakta mot Russland og Preussen (januar 1815).

Napoleon Bonaparte sin heimkomst frå Elba førte til ein rask kompromissvilje og avslutting av Wienerkongressen sitt arbeid. I juni var avtaleverket ferdig.

Resultat endre

Wienerkongressen gjenoppretta balansen mellom dei fem stormaktene («pentarkiet»).

Frankrike fekk i vesentleg grad halde grensene sine frå 1792, i tillegg kontrollert av ein krans av mellomstore statar: Sverige i personalunion med Noreg, det nye kongedømet Det sameinte nederlandske kongeriket, Kongedømet Sardinia fekk dei fransktalande områda i Savoie.

Storbritannia i personalunion med det nye Kongedømet Hannover og med dei nye områda Malta, Ceylon, Kappkolonien og Helgoland kom ut av kongressen som dei eigentlege sigerherrane.

Russland vann Kongress-Polen (med eiga forfatning) og vart ei leiande kolonimakt.

Austerrike gav avkall på dei habsburgske Nederlanda (Belgia) og For-Austerrike (i dagens Tyskland, Frankrike m.v.) i bytte mot territoriegevinstar i Galicia, Øvre Italia og Dalmatia. Landet utøvde eit politisk tilsyn med det restaurerte Italia.

Kongedømet Preussen slo seg til ro med ei deling av Sachsen og fekk i bytte Rhinland og Westfalen.

Sveits fekk sin «evigvarande nøytralitet» garantert.

Kjelder endre