Den messiniske saliniteskrisa

Hendingar i kenozoikum
sjå • diskuter • endre
-65 —
-60 —
-55 —
-50 —
-45 —
-40 —
-35 —
-30 —
-25 —
-20 —
-15 —
-10 —
-5 —
0 —
Første isbrear på Antarktis[1]
Holocen starta for 11 500 år sidan.
Ein tilnærma tidsskala for hendingar i kenozoikum.
Skala: Millionar år sidan

Den messiniske saliniteskrisa var ein periode der Middelhavet fordampa og vart heilt eller delvis tørrlagd. Dette skjedde i messinium i perioden miocen for 5,96 millionar år sidan.[2]

Middelhavet vart skild frå Atlanterhavet i perioden mellom 5,59 og 5,33 millionar år sidan, og dette førte til at vassnivået i Middelhavet fall kraftig. I starten førte hendinga til ekstrem erosjon og det vart danna fleire enorme kløfter (enkelte like store som Grand Canyon) rundt Middelhavet. I seinare tid (5,50-5,33 millionar år sidan) var det sykliske evaporittavsettingar i det store bassenget.

På grunn av måten berglaga ser ut og på grunn av det massive evaporittlaget, som ein ikkje meiner kan ha vorte avsett på ein gong, trur ein at vassnivået svinga opp og ned og at Middelhavet kan ha vorte tørka ut og vorte fylt opp att fleire gonger.[3]. Oppfyllinga har truleg anten skjedd ved at opningar har slept havvatn inn i bassenget igjen, eller det har vorte fylt opp av elvar. Den siste oppfyllinga skjedde i grensa mellom miocen og pliocenGibraltarsundet opna seg permanent.

Kjelder endre

  1. Zachos, J.C.; Kump, L.R. (2005). «Carbon cycle feedbacks og the initiation of Antarctic glaciation in the earliest Oligocen». Global og Planetary Change 47 (1): 51-66. 
  2. 2,0 2,1 Krijgsman, W.; Garcés, M.; Langereis, C.G.; Daams, R.; Van Dam, J.; Van Der Meulen, A.J.; Agustí, J.; Cabrera, L. (1996). «A new chronology for the middle to late Miocen continental record in Spain». Earth og Planetary Science Letters 142 (3-4): 367-380. Henta 25. august 2008. 
  3. Mediterranean på geo.arizona.edu, arkivert frå originalen 23. mai 2010, henta 28. august 2008