Den nederlandske banken

Den nederlandske banken (nederlandsk De Nederlandsche Bank, DNB) er sentralbanken i Nederland. Han har hovudkontor i Amsterdam.

Hovudkontoret for Den nederlandske banken i Amsterdam.
Vassmerket til den tidlegare 25-gyldensetelen, forstørra av Chris Fokma og brukt til utsmykking i Den nederlandske banken.

Den nederlandske banken blei skipa i 1814. Skipinga var noko av det første kong Vilhelm (konge 1813–1940) gjorde då han overtok trona, etter at Nederland var fritt frå Napoleon sitt franske styre.

Økonomien i Nederland var dårleg, og landet hadde mista sin tidlegare posisjon som eit internasjonalt handelssenter. Skipinga av ein sentralbank var eit tiltak for å få orden på finansnæringa og valutaen. Nederlandsk gylden hadde vore i bruk sidan 1300-talet, og frå 1694 var han hovudvalutaen, men ikkje den einaste gyldige valutaen i landet.

Dei sameinte Nederlanda (1581–1795) hadde aldri ein einskapleg valutapolitikk. Under Napoleon blei tilhøva meir ordna, og Vilhelm I vidareførte denne politikken. Banken var både ein kredittbank og den ansvarlege institusjonen som trykka opp pengar.

I dag er DNB eit allment aksjeselskap leia av ein sentralbanksjef og 5 direktørar. Sentralbanksjef i januar 2014 var Klaas Knot, som overtok etter Nout Wellink 1. juli 2011.[1] Wim Duisenberg var president for den nederlandske sentralbanken frå 1982 til 1994, og den første presidenten for Den europeiske sentralbanken frå 1998 til 2003.

Ettersom Nederland er medlem av EU, er sentralbanken medlem av ESSB – Det europeiske systemet av sentralbankar og eurosamarbeidet. På denne måten har banken innverknad på pengepolitikken og den økonomiske politikken både i Nederland og i EU.

Hovudmålet for den nederlandske sentralbanken, som i EU elles, er ein stabil inflasjon på ca. 2%.[2]

Kjelder endre

  • Nederlands bank – Governing Board (besøkt 27. november 2011 for Wikipedia på bokmål).
  • Nederlands bank – Definition of price stability (besøkt 27. november 2011 for Wikipedia på bokmål).
  • Bakgrunnsstoff endre