Sjømannskirken – Norsk kirke i utlandet

(Omdirigert frå Den norske Sjømannsmisjon)

Sjømannskirken – Norsk kirke i utlandet er ein frivillig organisasjon som er sjølvstendig, men har band til Den norske kyrkja.[1] Organisasjonen har som mål å vere ein kyrkjeleg, kulturell og sosial møtestad for alle nordmenn i utlandet.

Sjømannskirken – Norsk kirke i utlandet

Den norske sjømannskyrkja i San Pedro i Los Angeles i California
Skipa31. august 1864
LandNoreg
Grunnleggjar(ar)Johan Storjohann
Nettstadhttps://sjomannskirken.no (norsk)

Organisasjonen vart grunnlagd i Bergen 31. august 1864 under namnet «Foreningen til Evangeliets Forkyndelse for Skandinaviske Sømænd i fremmede Havne», sidan kjend som «Sjømannsmisjonen».

Ved sida av alminnelege gudstenester og kyrkjelege handlingar har organisasjonen lagt vekt på skipsbesøk, husbesøk og sjukebesøk. På 1970-talet utvida Sjømannsmisjonen på oppfordring av biskopane i Den norske kyrkja til å målgruppa til å omfatte alle nordmenn som oppheldt seg i utlandet. Ti år seinare vart dette følgd opp av Kyrkjemøtet, og i 1994 av Stortinget. Frå 1989 utvida organisasjonen namnet til også å omfatte «Norsk kirke i utlandet».[2]

I 1999 byrja Sjømannsmisjonen å drive kyrkje på internett, nettkirken.no, med eigne nettprestar.[2]

I 2003 bytta organisasjonen namn frå Den norske Sjømannsmisjon/Norsk kirke i utlandet til Sjømannskirken - Norsk kirke i utlandet.

Kjelder

endre
  1. «Om oss», www.sjomannskirken.no (på norsk bokmål), 12. juni 2020, henta 26. januar 2023 
  2. 2,0 2,1 Sjømannskirken (20. august 2020), «Sjømannskirkens historie», www.sjomannskirken.no (på norsk bokmål), henta 26. januar 2023 

Bakgrunnsstoff

endre