Den nye kvinnerørsla

Den nye kvinnerørsla er eit namn på den unge og opprørske generasjonen feministar som gjorde seg gjeldande i Noreg og andre land frå 1970-talet og frametter. I Noreg var Nyfeministene først ute i 1970, så kom Kvinnefronten i 1972. Claragruppen vart til i 1974, Lesbisk bevegelse i 1975 og Brød og Roser i 1976. Desse nye organisasjonane knytte an til organisasjonar og arbeid som fanst frå før. Norsk Kvinnesaksforening fekk ny vind i segla. Norsk Kvinneforbund, ein radikal kvinneorganisasjon frå 1948, kom i aktivitet att etter fleire års pause.

Ein Venus-spegel med knyttneve vart eit symbol for kvinnemakt på 1970-talet.

Dei framstormande feministane var ikkje noko særnorsk fenomen. Frå slutten av 1960-talet voks kvinnerørsla i Vest-Europa og USA til ei stor, sosial rørsle som sette varige spor i samfunnet. Ho starta med nokre få entusiastar, men voks raskt, omfatta fleire ideologiske retningar og eit mylder av grupper og organisasjonar.

Tradisjonen med å markera den internasjonale kvinnedagen vart no teken opp att. Dei årlege 8. mars-toga spelte ei viktig rolle i mobiliseringa. Det første toget gjekk i Oslo i 1972 etter initiativ frå nokre kvinnefrontarar ved Universitetet i Oslo. Mellom 300 og 400 kvinner og menn deltok under hovudparola «Kamp mot all kvinneundertrykking - for full frigjøring av kvinnene». På mobiliseringsløpeseddelen var elles følgjande parolar oppførte:

  • «Lik rett til arbeid, utdanning og lønn»
  • «Rett til daginstitusjoner og fritidshjem for alle barn»
  • «Like trygde-, pensjons- og sosiale rettigheter for kvinner»
  • «Rett til prevensjonsveiledning og abort»
  • «Nei til dobbel arbeidsbyrde for kvinner - utbygging av servicetilbud - halve arbeidet i hjemmet er mannens»
  • «Nei til kvinner som salgsvare»
  • «Nei til økte priser på dagligvarer»

Oppslutninga om 8. mars-markeringane voks sterkt utover på 1970-talet trass i at kvinneorganisasjonane i fleire år ikkje klarte å semjast om eit felles parolegrunnlag, noko som resulterte i to tog i dei største byane. I 1978 nådde oppslutninga eit høgdepunkt med om lag 20 000 kvinner og menn i tog over heile landet.

Kampen for lik rett til arbeid og løn var ei viktig sak for kvinnerørsla på 1970-talet. Då 13 kvinner ved Våler skurlagBraskereidfoss vart oppsagde 15. april 1975 - i sjølvaste Kvinneåret - med den grunngjevinga at dei var kvinner, vekte det debatt og reaksjonar i vide krinsar. Det gjorde ikkje saka betre at den lokale fagforeininga, som kvinnene var medlemmer av, støtta oppseiinga. Det vart samla inn fleire tusen underskrifter til støtte for dei oppsagde kvinnene, og etter sterkt press, trekte bedriftsleiinga oppseiingane attende. Det vart slått fast at ansiennitetsprinsippet skulle følgjast - dei sist tilsette skulle gå først, uavhengig av kjønn.

Kampen for sjølvbestemt abort byrja i 1913 då Katti Anker Møller for første gong formulerte dette kravet. Den nye kvinnerørsla gjorde dette til ei av sine hovudsaker, og i juni 1974 danna Nyfeministene, Kvinneforbundet, Kvinnefronten og Norsk Kvinnesaksforening «Kvinneaksjonen for selvbestemt abort». I løpet av kampen vart denne aksjonen splitta og nedlagt. Saka vann likevel fram, og våren 1978 vart lova om sjølvbestemt abort vedteken i Stortinget med ei røysts overvekt.

Sjå òg endre

Bakgrunnsstoff endre