Den polsk-sovjetiske krigen

Den polsk-sovjetiske krigen frå februar 1919 til mars 1921 var ein væpna konflikt mellom Sovjet-Russland og den andre polske republikken, to nye statar i Europa etter første verdskrigen. Krigen var eit resultat av ekspansjonsforsøk frå begge sider som kom i strid med kvarandre.

Bilde frå den polsk-sovjetiske krigen

Polen, som etter Versaillesfreden hadde vorte ein stat att etter delingane av Polen på slutten av 1700-talet, ønskte å sikre seg område som hadde vore polsk-kontrollerte før delingane. Sovjetmakta sitt mål var å kontrollere dei same områda, som hadde vore ein del av tsar-Russland før første verdskrigen. Begge partane meinte dei vann denne krigen – polakkane fordi dei forsvara staten sin, sovjetarane fordi dei slo tilbake den polske invasjonen austover i Ukraina og Kviterussland, som dei såg som ein del av dei utanlandske intervensjonane i den russiske borgar- og intervensjonskrigen etter den russiske revolusjonen.

Grensene mellom Polen og Russland hadde ikkje vorte definerte i Versailles, og hendingane på slutten av og etter verdskrigen skapte store omveltningar: Den russiske revolusjonen, oppsmuldringa av dei russiske, tyske og austerrikske imperia, den russiske borgarkrigen, sentralmaktene si tilbaketrekking frå austfronten og forsøka frå krefter i Belaus og Ukraina på å etablere sjølvstende. Den polske regjeringssjefen, Josef Pilsudski, følte at tida var inne til å utvide dei polske grensene austover så mykje som råd, noko som skulle følgjast opp med ein polsk-leidd føderasjon av fleire statar i resten av aust-sentral-Europa, som eit bolverk mot potensiell tysk eller russisk imperialisme om han skulle kome på ny. Medan Lenin såg Polen som ei bru som Den raude hæren måtte krysse for å kunne hjelpe andre kommunistrørsler og revolusjonar elles i Europa.

I 1919 hadde polske styrkar teke kontroll over mykje av Vest-Ukraina etter siger i den polsk-ukrainske krigen. Den vestukrainske folkerepublikken hadde utan å lykkast prøvd å skape ein ukrainsk stat på område som både ukrainarar og polakkar kravde kontroll over. På same tid byrja bolsjevikane få overtaket i den russiske borgarkrigen og dei avanserte vestover mot dei territoria som var omstridde.

På slutten av 1919 hadde ein front forma seg. Grensetrefningar vart opptrappa til open krigføring etter at Pilsudski gjekk langt austover i Ukraina i april 1920. Han vart møtt av eit raskt og til å byrje med svært vellykka mot-åtak frå Den raude hæren. Den sovjetiske operasjonen kasta dei polske styrkane tilbake vestover helt til hovudstaden Warszawa. I mellomtida hadde vestleg otte for at sovjetiske styrkar skulle nærme seg dei tyske grensene auka interessa til vestmaktene for denne krigen. På midsommaren såg det ut til at den polske hovudstaden ville kome til å falle, men midt i august hadde krigslykka snudd da polakkane vann ein uventa og avgjerande siger i slaget ved Warszawa.

Etter at polakkane byrja avansere austover på ny, bad sovjetarane om fred, og krigen enda med ei våpenkvile i oktober 1920. Ein formell fredsavtale vart underteikna i Riga 18. mars 1921, og denne avtalen delte dei omstridde områda mellom Polen og Sovjet-Russland. Dette avgjorde stort sett den polsk-sovjetiske grensa for perioden mellom dei to verdskrigane.

Kjelder endre

  • Wikipedia på engelsk