Den søramerikanske plata

tektonisk plate

Den søramerikanske plata er ei jordskorpeplate som omfattar kontinentet Sør-Amerika og ein stor del av Atlanterhavet austover til den atlantiske midthavsryggen.

██ Den søramerikanske plata, synt i rosa.

Austsida er ei divergerande grense med Den afrikanske plata som utgjer den sørlege delen av midthavsryggen. Sørsida er ei komplisert grense mot Den antarktiske plata og Scotiaplata. Vestsida er ei konvergerande grense med Nazcaplata som via subduksjon er på veg under den søramerikanske plata. Nordsida grensar til Den karibiske plata og havskorpa til Den nordamerikanske plata. Ved det chilenske trippelpunktetTaitato-Tres Montes-halvøya, går Den chilenske ryggen, ein havrygg, under Den søramerikanske plata .

Den søramerikanske plata er i rørsle og flyttar seg vestover og bort frå midthavsryggen i Atlanterhavet. Den tyngre Nazcaplata flyttar seg austover og hamnar under vestenden av Den søramerikanske plata langs Stillehavskysten av kontinentet, med ein rate på 77 mm per år.[1] Kollisjonen mellom desse platane har skapt dei massive Andesfjella og skapt vulkanane som finst her.

Kjelder endre

  1. Pisco, Peru, Earthquake of August 15, 2007: Lifeline Performance. Reston, VA: ASCE, Technical Council on Lifeline Earthquake Engineering. ISBN 9780784410615. Arkivert frå originalen 14. november 2012. Henta 9. januar 2014.