Steinbukken sin vendekrins
(Omdirigert frå Den sørlege vendesirkelen)
Steinbukken sin vendekrins, eller den sørlege vendesirkelen, er den breiddegrada (23° 26' 22" sørom ekvator), der sola når opp til senit ved vintersolkverv (ca. 22. desember). Grovt sett finn ein den tropiske klimasona mellom Steinbukken sin vendekrins og Krepsen sin vendekrins.
Jordomkrinsen ved vendekrinsane er 36 787, 559 kilometer.