Den saudi-kuwaitiske nøytrale sona

Den saudi-kuwaitiske nøytrale sona er eit område på grensa mellom Saudi-Arabia og Kuwait som vart definert i Uqair-protokollen i 1922.[1] Det vert produsert olje i området, og ho vert delt likt mellom dei to landa.[2]

Den nøytrale sona mellom Saudi-Arabia og Kuwait

7. juli 1965 signerte Saudi-Arabia og Kuwait ein avtale om deling av den nøytrale sona. Avtalen vart verksam 25. juli 1966.[3] Ein avtale om grensa mellom dei to delane av den nøytrale sona vart signert 17. desember 1967, og vart formelt verksam 18. desember 1969.[1]

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 The Geographer Office of the Geographer Bureau of Intelligence and Research (15. september 1970). Kuwait – Saudi Arabia Boundary (PDF) 103. 
  2. «Kuwait says talks with Saudi to restart Neutral Zone oil output ongoing». Reuters. 19. oktober 2019. Henta 24. desember 2019. 
  3. Al-Baharna, Husain M. (1968). «A Note on the Kuwait-Saudi Arabia Neutral Zone Agreement of July 7, 1965, Relating to the Partition of the Zone». International and Comparative Law Quarterly 17 (3): 730–735. doi:10.1093/iclqaj/17.3.730. 
  Denne geografiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.