Den sentralamerikanske føderasjonen
Den mellomamerikanske føderasjonen var ein føderasjon i Mellom-Amerika som eksisterte frå juli 1823 til rundt 1840. Føderasjonen bestod av dei noverande landa Guatemala, El Salvador, Honduras, Nicaragua og Costa Rica. I 1830-åra slutta òg staten Los Altos (i dag ein del av Guatemala og tildels Mexico) seg til føderasjonen. Den mellomamerikanske føderasjonen blei oppløyst gjennom ein borgarkrig i 1838–1840.
Provincias Unidas del Centro de América Den mellomamerikanske føderasjonen | |||||||||||||||||||||
| |||||||||||||||||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
| |||||||||||||||||||||
Hovudstad | Guatemala by (1821-34)
San Salvador (1834-38) | ||||||||||||||||||||
Språk | Spansk | ||||||||||||||||||||
Styreform | Republikk | ||||||||||||||||||||
Historie | |||||||||||||||||||||
- Oppretta | 1823 | ||||||||||||||||||||
- Opphøyrde | 1840 | ||||||||||||||||||||
|
Kort tid etter at Sentral-Amerika erklærte sjølvstende frå Det spanske imperiet i 1821, blei fleire av landa annekterte av Det første mexicanske keisardømet i 1822. I 1823 gjekk landa saman i ein føderal republikk. Frå 1838 til 1840 utvikla det seg ein borgarkrig i føderasjonen, der konservative slost mot liberale og ulike separatistar kjempa for lausriving. Desse gruppene klarte ikkje å overvinna dei idelogiske skilnadane sine, og konføderasjonen blei oppløyst etter ei rekkje blodige konfliktar.[1]
Regjeringsleiarar
endrePolitiske leiarar:
- Gabino Gavínza (1821-1822)
- Vicente Filisola (1823)
Første regjering (1823):
- Pedro José Antonio Molina Mazariegos
- Antonio Rivera Cabezas
- Juan Vicente Villacorta Díaz
Andre regjering (1823-1824):
- Tomás Antonio O’Horan y Argüello
- José Santiago Milla Pineda Arriaga
- Juan Vicente Villacorta Díaz
Tredje regjering (1824):
- Tomás Antonio O’Horan y Argüello
- Juan Vicente Villacorta Díaz
- José Cecilio del Valle
Fjerde regjering (1824):
- Tomás Antonio O’Horan y Argüello
- José Cecilio del Valle
- Manuel José Arce y Fagoaga
Femte regjering (1824-1825):
- Tomás Antonio O’Horan y Argüello
- José Cecilio del Valle
- José Manuel de la Cerda y Aguilar
Presidentar:
- Manuel José Arce y Fagoaga (1825-1829)
- José Francisco Barrundia y Cepeda (1829-1830), innsett etter at Fagoaga gjekk av. Ikkje folkevald.
- Francisco Morazán Quesada (1830-1834)
- José Gregorio Salazar (1834-1835)
- Francisco Morazán Quesada (1835-1839)
- Diego Vigil (1839), fungerande president, aldri teken i eid.
Kjelder
endre- ↑ Foster, Lynn V. (2000). A Brief History of Central America. New York: Facts on File. s. 134–136. ISBN 0-8160-3962-3.
- Denne artikkelen bygger på «Den mellomamerikanske føderasjon» frå Wikipedia på bokmål, og «Federal Republic of Central America» frå Wikipedia på engelsk den 30. august 2019.