Sovande dronning
(Omdirigert frå Den sovende dronning)
Sovande dronning eller Skjomtinden er ein fjelltopp som ragar 1 575 moh., nær Narvik i Nordland. Ein kan sjå fjellet frå dei øvre delane av byen, spesielt frå torget og Framnes. Narvik og Omegn turistforeining arrangerer regelmessig fjellturar dit. Mange forvekslar «dronninga» med Kongsbakktind (1 431 moh.), men den kan ein ikkje sjå frå Narviksida, men frå Skjomen.
Sovande dronning | |||
fjell | |||
Land | Noreg | ||
---|---|---|---|
Område | Narvik (Nordland) | ||
Høgd | 1 575 moh. | ||
Sovande dronning 68°20′36″N 17°21′17″E / 68.34344°N 17.35467°E | |||
Wikimedia Commons: Skjomtinden |
Under anleggstida i Narvik, då engelskmennene var der, døypte de fjellet til «Den sovande dronninga» til ære for dronning Victoria av England, fordi dei syntes det forestilte dronning deira som sovande.
Denne geografiartikkelen som har med Nordland å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.