Den sovjetiske antarktisekspedisjonen
Den sovjetiske antarktisekspedisjonen (SAE eller SovAE, russisk Советская антарктическая экспедиция, САЭ, Sovjetskaja antarktitsjeskaja ekspeditzija) var ein del av Arktisk og Antarktisk Forskingsinstitutt i Den sovjetiske komiteen for antarktiskforsking hos Det sovjetiske vitskapsakademiet.
Sjøfartsdepartementet i Sovjetunionen var ansvarleg for leiinga, logistikken og forsyninga til ekspedisjonane.
Den første sovjetiske kontakten med Antarktis var i januar 1947 då kvalbåtflåten Slava byrja med kvalfangst i Sørishavet.
Stasjonar
endreDen første sovjetiske stasjonen i Antarktis, Mirny, vart oppretta nær kysten den 13. februar 1956. I desember 1957 vart ein ny stasjon, Vostok bygt i dei indre områda nær den sørlege geomagnetiske polen.
Årskontinuerlege stasjonar
endre- Mirny (oppretta 13. februar 1956)
- Vostok (oppretta 16. desember 1957)
- Novolazarevskaya (oppretta 18. januar 1961)
- Molodyozhnaya (oppretta 14. januar 1963)
- Bellingshausen (oppretta 22. februar 1968)
- Leningradskaya (oppretta 25. februar 1971)
- Russkaya (oppretta 9. mars 1980)
- Progress (oppretta 1. april 1988)
Sommarstasjonar
endre- Komsomolskaja (oppretta 6. november 1957)
- Pionerskaya (established May 27, 1956)
- Druzjnaja I (på Filchnerisen i Weddellhavet)
- Druzjnaja II (ved Weddellhavet)
IGY-stasjonar
endreStasjonar i bruk under Det internasjonale geofysiske året.
Ekspedisjonar
endreSovjetunionen dreiv ekspedisjonar til Antarktis frå 1955 til oppløysinga. Etter dette vart dei sovjetiske stasjonane i Antarktis teken over av Russland.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Soviet Antarctic Expedition» frå Wikipedia på engelsk, den 28. oktober 2012.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- Boczek, B. A. (October 1984) "The Soviet Union and the Antarctic Regime" in The American Journal of International Law, 78(4):834–58
- Voronin, V. I. (1948) "The first Antarctic whaling expedition of the Slava flotilla" in Proceedings of the Soviet Geographical Society, 80(3):213–222
- Nudel'man, A. V. (1959). Soviet Antarctic Expeditions 1955-1959. Moscow: Izdatel'stvo Akademii Nauk SSSR.