Mirny (russisk Мирный, tyder fredfull) er ein russisk (tidlegare sovjetisk) forskingsstasjon i Antarktis, ved kysten av Davishavet i Australsk Antarktis. Han er kalla opp etter forskingsfartøyet «Mirny» med Mikhail Lazarev som kaptein under den første russisk antarktisekspedisjonen (leia av Fabian Gottlieb von Bellingshausen«Vostok»).

Mirny-stasjonen
stasjon
Land  Antarktis
Stad Queen Mary Land
 - koordinatar 66°33′9.66″S 93°0′34.05″E / 66.5526833°S 93.0094583°E / -66.5526833; 93.0094583
Administrert under Antarktistraktaten
Kart
Mirny-stasjonen
66°33′07″S 93°00′53″E / 66.551944°S 93.014722°E / -66.551944; 93.014722
Mirny-stasjonen is located in Antarktis
Mirny-stasjonen (Antarktis)
Wikimedia Commons: Mirny Station

Stasjonen opna 13. februar 1956 av Den første sovjetiske antarktisekspedisjonen. Han vart opphavleg nytta som hovudbase for Vostok-stasjonen som ligg 1400 km frå kysten, men denne funksjonen er no flytta til Progress-stasjonen.[1] Om sommaren er det opp mot 169 menneske her fordelt på 30 bygningar, og om vinteren kring 60 forskarar og teknikarar. Middeltemperaturen på staden er –11 °C, og meir enn 200 dagar av året er vinden kraftigare enn 15 m/s.

Hovudforskingsområda er glasiologi, seismologi, meteorologi, observasjonar av polarlys, kosmisk stråling og marinbiologi.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre