Opna hovudmenyen

Bellingshausen-stasjonen er ein russisk (tidlegare sovjetisk) stasjon i Antarktis ved Collins HarbourKing George Island i Sør-Shetlandsøyane. Han vart ein av dei første stasjonane oppretta av Den sovjetiske antarktisekspedisjonen i 1968. Her ligg Treeiningskyrkja, den einaste permanent drivne ortodokse kyrkja i Antarktis.

Bellingshausen-stasjonen
stasjon
Antarctica, pollution, environment, Russia, Bellingshausen 1.JPG
Bellinghausen er ein av dei mest forureina stadane i Antarktis. Gamle kjøretøy, rustne tønner og anne avfall forsøplar kystlinja
Land Proposed flag of Antarctica (Graham Bartram).svg Antarktis
Stad King George Island
 - koordinatar 62°12′S 58°58′W
Administrert under Antarktistraktaten
Bellingshausen-stasjonen is located in Antarktis
Bellingshausen-stasjonen (Antarktis)
Wikimedia Commons: Bellingshausen Station
Gjørme kring basen. På åstoppen vart det bygd ei ortodoks kyrkje i 2004.

Stasjonen er knytt saman med dårlege vegar til stasjonar i nærleiken: chilenske Base Presidente Eduardo Frei Montalva, kinesiske Great Wall-stasjonen og uruguayanske Artigasbasen.[1]

Den antarktiske halvøya og dei nærliggande øyane er rekna for å ha det mildaste klimaet i Antarktis. Middeltemperaturen ved stasjonen er i den kaldaste månaden (august) -6,8 °С og +1,1 °С i februar, den varmaste.

Bilete av BellingshausenEndra

KjelderEndra

  1. USAIT 2006

BakgrunnsstoffEndra