Den store brennevinsdagen

Den store brennevinsdagen i Lofoten vart feira 25. mars, på marimesse om våren.

Denne dagen samla fiskarane seg til ein fest der det vart drukke brennevin — likevel ikkje så mykje at dei ikkje rodde fiske dagen etter. Det var òg andre tradisjonar knytt til dagen, spesielt kjent er «hansinga». Den innebar at førstereisgutten, skårungen, skulle spandere brennevin på dei andre i båtlaget. Første års høvedsmann skulle spandere «høvedsmanns hans», og dei som rodde fiske for siste gongen skulle spandere «stavhans». Når det gjaldt stavhansen, ville det alltid vere noko uklårt - dei fleste meinte nok at dei ville ro fiske eitt år til. Gamlingane som ikkje lenger for på vinterfiske, markerte gjerne brennevinsdagen med ein dram heime.

Festen har tradisjonar langt tilbake i tid, og må ha tilknyting til gammal feiring av vårfrumesse eller marimesse, som var helgedag fram til festdagsreduksjonen i 1770. Lokalt vart mange av dei gamle helgedagane haldne som halvhelgar minst halvtanna hundreår etter 1770.

Festen kan òg ha hatt samanheng med at det i slutten av mars var lide så langt ut i fisket at fiskarane hadde fått noko pengar mellom hendene. Frå om lag 20. mars var skreien blitt gytemoden og «laus på rogna», slik at ho ikkje lenger var brukande for salting. Fiskarane kunne då selje det dei hadde lagt ned av rogn, og dei fekk for første gong nokre kroner for vinterstrevet.

Mot slutten av 1800-talet styrkte fråhaldsrørsla stillinga si blant folk, brennevinsforbuket gjekk ned, og markeringa av 25. mars og «Vårfru'mess» som ein brennevinsdag vart meir måtehalden.

Kjelder endre