Ein høvedsmann er (eller var) leiaren for mannskapet på ein fiskebåt. Oftast åtte høvedsmannen båten, men det hende òg at båteigarar leigde høvedsmenn til å drive for seg. Til vanleg var det høvedsmannen som rekrutterte mannskap, og han var økonomisk og juridisk ansvarleg for båtlaget.

Til høvedsmenn valde ein handlekraftige menn som var røynde med båt og fiske. Høvedsmannen, og oftare mannskapet, kunne vere leigekarar som fekk fast lønn, men det vanlegaste var at høvedsmannen fekk lott på line med dei andre i båtlaget. Dersom han var båteigar, kunne han i tillegg innkassere båtlotten; dersom han dreiv for andre, kunne han få ei ekstra godtgjersle frå båteigaren.

Ordet høvedsmann, eller hovudsmann, kjem frå mellomnorsk høfizmann, som har henta ordet frå norrønt hǫfuðsmaðr, etter lågtysk hovetman.

Kjelder endre