Den svenska historien

Den svenska historien er eit bokverk om historia til Sverige, opphavleg gjeve ut av Albert Bonnier forlag i ti delar frå 1966 til 1968 og seinast nytrykka i 15 delar i 1992. Det skildrar historia til Sverige frå den siste istida til notida, ut frå forskinga på midten av 1960-talet. Dei då kjende historieprofessorane Sten Carlsson og Jerker Rosén var hovudredaktørar, men verket blei skrive av totalt 98 forfattarar som bidrog med artiklar. Den svenska historien var det siste standardfleirbandsverket om svensk historie fram til bokforlaget Norstedts gav ut sitt bokverk Sveriges historia i 2009-2013.

Den svenska historien
Forfattar(ar)Sten Carlsson & Jerker Rosén (hovudredaktørar)
SpråkSvensk
SjangerFakta
Utgjeven1966–1968 (originalutgjeving)
1992 (nytrykk)
ForlagAlbert Bonniers

Innhald

endre

Verket i 10 bind

endre

Det opphavlege verket i ti delar kom ut i 1966 (del 1-3), 1967 (del 4-6) og 1968 (del 7-10). Den fyrste delen, med tittelen Forntid, vikingatid och tidig medeltid, handlar om tida frå slutten av istida 13.000 f.Kr. til valet av Magnus Eriksson som konge i 1319. Andre delen, med tittelen Medeltid, handlar om tida frå Magnus Eriksson til Stockholms blodbad (1319-1520). Tredje delen, Vasatiden, tek for seg tida frå Stockholms blodbad i 1520 til Karl IX sin død i 1611. Den følgjande fjerde delen med tittelen Gustav Adolf och Kristinas tid handlar om historia under desse to monarkane (1611-1654). Band fem heiter Karolinska tiden og tek for seg tida under Karl X Gustav, Karl XI og Karl XII (1654-1718). Sjette delen har tittelen Frihetstiden og handlar om denne perioden, altså 1719-1772. Del sju heitte Gustavianska tiden og omfattar regjeringstida til Gustav III og Gustav IV Adolf, det vil seia 1772-1809. Den åttande delen, Karl Johanstiden och den borgerliga liberalismen, omfattar tida frå tapet av Finland til oppløysinga av standsriksdagen (1809-1865), medan den niande delen - Industri och folkrörelser - og omfattar tida frå innføringa av tokammariksdagen til slutten av fyrste verdskrigen (1865-1920). Den siste og tiande delen, Vår egen tid, handlar om tida frå 1920 til 1960.

Verket i 15 bind

endre
 
Tors strid med jättarna, måleri av Mårten Eskil Winge, nytta på omslaget av Från stenålder till vikingatid.

Då verket var omarbeidd til 15 bind (1992) fekk fyrste delen tittelen Från stenålder till vikingatid; og handlar om tida frå 13 000 f.Kr.  til slutten av 1000-talet e.Kr. Den andre delen ber tittelen Från Birger Jarl till Kalmarunionen; likevel byrjar han ikkje med tida til Birger jarl på midten av 1300-talet, men ved byrjinga av 1200-talet. Handlinga strekkjer seg fram til den formelle etableringa av Kalmarunion i 1397. Tredje delen, Kyrka och riddarliv. Karl Knutsson och Sturetiden, tek for seg tida etter opprettinga av Kalmarunionen fram til Stockholms blodbad i 1520. Det fjerde bandet med tittelen Gustav Vasa. Riket formas handlar om den eldre vasatida, frå Stockholms blodbad i 1520 til Karl IX sin død i 1611. I femte delen, Sverige blir en stormakt, er kronologien delvis parallell med fjerde delen, sidan han tek for seg tida mellom døden til Gustav Vass i 1560 og den westfaliske freden i 1648. Den sjette delen, Drottning Kristina. Vetenskap och kultur blomstrar, skildrar nettopp Kristina si tid som dronning (1632-1654) - altså delvis same periode som den føre delen, men frå andre synsvinklar. Del sju, med tittelen Karl X Gustav, Karl XI. Krig och reduktion handlar om styret til desse to kongane, åra 1654-1697. Den neste, åttande delen, Karl XII, stormaktens fall. Arvid Horn, fredens general tar for seg perioden 1697-1750, altså regjeringstida til Karl XII og byrjinga av fridomstida. Nummer ni, Hattar och mössor. Ostindiska kompaniet handlar om åra 1750-1772, den siste delen av fridomstida fram til Gustav III sitt statskupp. Del ti, Gustav III, en upplyst envåldshärskare, handlar om Gustav III si regjeringstid frå statskupet til han døydde, men òg Gustav IV Adolf si tid som ufør i åra 1772-1796. Ellevte delen med tittelen Finland förloras. Karl Johan och freden handlar om tida frå styret til Gustav IV Adolf til Karl XIV Johan sin død, det vil seia 1796-1844. Band 12 heiter De första Bernadotterna. Vårt moderna statsskick växer fram og overlappar delvis i tid med det føre bandet, fordi det handlar om tida frå 1815 til avskaffinga av Ståndsriksdagen i 1865. Trettande delen heiter Emigrationen och det industriella genombrottet og tek for seg dei førti åra frå innføringa av tokammarriksdagen til oppløysinga av unionen med Noreg, 1865-1905. Del fjorten med tittelen Från storstrejken 1909 till folkhemspolitik handlar om tida frå oppløysinga av unionen til rekordåret, altså frå 1905 til 1950-talet. Til slutt heiter den femtende og siste delen Våra dagars Sverige og handlar om tida frå 1950-talet til byrjinga av 1990-talet.

Kjelder

endre