Opna hovudmenyen

Den thailandske hæren (thai กองทัพบกไทย, Kongthap Bok Thai) er hæren i Thailand og den eldste og største greina av det thailandske forsvaret. Hærsjefen er Apirat Kongsompong.[1]

HistorieEndra

Hæren blei skipa i 1874, dels som svar på nye trugsmål som følgje av Bowring-traktaten med Storbritannia. Traktaten frå 1855 opna opp landet for internasjonal handel.

Hæren har tradisjonelt hatt stor politisk makt i Thailand. Offiserar frå hæren har utført statskupp i 1957, 1959, 1976 og 2006. 22. mai 2014 avsette hæren styresmaktene i Thailand og innsette offiserar i nasjonalforsamlinga. 21. august valde denne forsamlinga hærleiaren Prayuth Chan-ocha til ny statsminister. Generalen hadde sagt at det skulle haldast nasjonale val etter politiske reformer som kom til å ta minst eitt år å fullføra.[2]

KjelderEndra

  Denne militærartikkelen som har med samfunn og Thailand å gjere er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.