Hær (av norr. herr) eller armé er den landbaserte forsvarsgreina i eit militærvesen. Føremålet ved hæren er særleg territoriell kontroll ved at soldatar er tilstades på bakken.[1]

Moderne hærar har våpengreiner som infanteri, stridsvogner, artilleri og luftfartøy (vanlegvis helikopter), støtta av ingeniør-, samband- og trentroppar.

Struktur

endre
Nemning Styrke Leiar
Armégruppe minst 120 000 Feltmarskalk
Armé minst 60 000 General
Korps 30 000 Generalløytnant
Divisjon 10 000 Generalmajor
Brigade 1500–3500 Brigader/Brigadegeneral
Regiment 1500–2400 Oberst
Bataljon 500-800 Oberstløytnant
Kompani/eskadron/batteri 50–300 Kaptein/Major
Tropp 30-40 Løytnant
Lag 5-8 Sersjant

Referansar

endre
  1. «Hæren». forsvaret.no. Henta 9. mai 2018.