Den tomme stolen (orig. The Casual Vacancy) er ein roman av J.K. Rowling, gjeven ut av forlaget Little, Brown and Company 27. september 2012.[1][2][3][4] Romanen, som var den fyrste boka til forfattaren etter Harry Potter-serien, var skriven for vaksne lesarar.[5]

Den tomme stolen
The Casual Vacancy
Forfattar(ar)J.K. Rowling
Språkengelsk
SjangerVaksen og svart humor/tragikomedie
Utgjeven27. september 2012
NasjonalitetStorbritannia
ForlagLittle, Brown and Company
OmsetjarJohn Erik Bøe Lindgren
Sider512
ISBN 978140874202

Boka kom ut på norsk i november 2012 på forlaget Cappelen Damm, som òg har gjeve ut Harry Potter-bøkene.[6]

Ein fjernsynsserie basert på boka blei send på BBC i 2015.[7]

Handling

endre

Little, Brown and Company beskreiv handlinga på nettstaden sin:

« Barry Fairbrother er i byrjinga av førtiåra når han heilt uventa døyr, noko som etterlèt den engelske landsbyen Pagford i sjokk. Staden verkar som ein engelsk idyll, med torg lagt med brustein og eit historiske kloster. Men under den vakre fasaden er det ein by i krig. Det ledige setet Barry etterlèt seg i soknerådet blir snart kjelde til den største konflikten byen har opplevd. Kven vinn valet prega av lidenskap, dobbeltspel og uventa avsløringar?[8] »

Bakgrunn og utgiving

endre

Rowling fekk ideen om boka under ei flyreise. Under arbeidet med boka tenkte ho å kalle henne Responsible ('Ansvarleg').[9]

Rowling sitt føretak, The Blair Partnership, annonserte 23. februar 2012 på nettstaden sin at Rowling skulle publisere ei ny bok retta mot vaksne. 12. april 2012 kunngjorde Little, Brown and Company at boken ville heite The Casual Vacancy (Den tomme stolen) og ville bli gjeven ut 27. september 2012.[10] Rowling var på London Southbank Centre[11] og Cheltenham litteraturfestival.[12]

Omslaget er designa av Jon Gray, som er kjend for å lage hand-skribla omslag for Jonathan Safran Foers Everything Is Illuminated.

Forventningane til var boka enorme, spesielt blant Harry Potter-fans.[13]

Mottaking

endre

Kritikk

endre

Lev Grossman skreiv for Time Magazine i ei positiv vurdering, «Den [boka] er ein stor, ambisiøs, strålande, profan, morsam, djupt opprørande og praktfull veltalande roman om det moderne England, rik med litterær intelligens og full mangel på tull.»[14] Mellom anna The Daily Mirror, The Wall street Journal[15] og lesarar av Associated Press og Daily Beast[16][17] gav òg svært positive vurderingar. Emma Lee-Potter som skriv for Express.co.uk kalla boka «ei svært leseleg, moralsk forteljing for vår tid.»[18]

Kjelder

endre
  1. littlebrown.co.uk: The Casual Vacancy, arkivert frå originalen 13. april 2012, henta 19. april 2012 
  2. jkrowling.com: The new book, arkivert frå originalen 30. desember 2012, henta 20. august 2012 
  3. Snitch Seeker: jk rowlings the casual vacancy cover art revealed updated summary
  4. Hachette bookgroup
  5. «JK Rowling announces title of first adult novel». BBC News. 12. april 2012. 
  6. Forlagsliv.no: "Hva bør The casual vacancy hete på norsk?"
  7. «BBC News – Rowling's Casual Vacancy to become BBC TV drama series». Web (BBC). 3 December 2012. Henta 1. mars 2013. 
  8. Memmott, Carol J. K. Rowling's next book: 'The Casual Vacancy' USA Today, 12. april 2012.}}
  9. Schuessler, Jennifer (4. juli 2012). "Readers Judge New Rowling Book By Its Cover". New York Times.
  10. Little, Brown & Company (2012). "The Casual Vacancy" Arkivert 2012-04-13 ved Wayback Machine..
  11. "J K Rowling launches new novel at Southbank Centre". The Londonist. Henta 2. august 2012.
  12. "J K Rowling to appear at Cheltenham Literature Festival". BBC News. Retrieved 2 August 2012. for å støtte utgivinga.
  13. "J.K. Rowling writes 'Casual Vacancy' for adults" USA TODAY.
  14. Grossman, Lev. "After "Harry Potter" Arkivert 2013-06-17 ved Wayback Machine.. Time. 27. september 2012.
  15. Sutton, Henry. "The Casual Vacancy first review: Verdict on JK Rowling's very adult new novel". Daily Mirror. 28. september 2012.
  16. HAJELA, DEEPTI. "J.K. Rowling's debut novel for adults worth a read". Associated Press. 27. september 2012.
  17. Jones, Malcolm. "‘The Casual Vacancy’ Review: J.K. Rowling Cuts Loose From Harry Potter". Daily Beast. Henta 27. september 2012.
  18. Lee-Potter, Emma. "THE CASUAL VACANCY REVIEW: WHY JK ROWLING'S ADULT BOOK IS MAGIC". express.co.uk. Henta 28. september 2012.