Den transkaspiske regionen

Den transkaspiske regionen (russisk Закаспийская Область, Zakaspijskaja Oblast) eller Transkaspia er eit namn nytta før 1924 om dei russiske områda aust for Kaspihavet som grensa til Khorasan i Iran og Afghanistan i sør, den tidlegare russiske provinsen Uralsk i nord, det tidlegare russiske protektoratet Khiva og Bukhara-emiratet i nordaust og Afghanistan i søraust. Området var 550 489 km² stort med 377 416 innbyggjarar i 1897. Omrmådet tilsvarer i dag omtrent Turkmenistan.

Den transkaspiske regionen på eit kart frå 1903

Historie endre

Transkaspia vart erobra av Russland i 1879-1885 i ei rekkje felttog leia av generalane Lomakin, Skobelev og Mikhail Annenkov. Bygginga av Den transkaspiske jernbanen startar ves kysten av Kaspihavet i 1879 for å sikre russisk kontroll over regionen og gje ein rask militærveg til den afghanske grensa. I 1885 oppstod nesten ei krise då russarane annekterte oasen Pendjeh sør for Merv, og Storbritannia nesten gjekk til krig då dei trudde at russarane kom til marsjere vidare til Herat i Afghanistan[1]. Fram til 1898 var Transkaspia ein del av generalguvernørskapet Kaukasus og styrt frå Tiflis, men same år vart det gjort til oblastet Russisk Turkestan og styrt frå Tasjkent. Under revolusjonsperioden i 1917-191 var Transkaspia ein kort periode okkupert av britisk-indiske styrkar frå Meshed. Regionen var ein av dei siste områda med motstand frå Basmatsji under bolsjevikane og dei siste opprørarane rømde over grensa til Afghanistan og Iran i 1922-1923.

Kjelder endre

  1. G.N. Curzon Russia in Central Asia (London: Longmans) 1889 s 1-15