Kaspihavet er verdas største innsjø og ligg mellom Asia og Europa. Det har ei overflatevidd på 371 000 km² og er 1 025 meter på det djupaste. Kaspihavet er endorheisk, som vil seie at han ikkje har noko utsig. Det har ein salinitet på om lag 1,2 % som er ein tredjedel av dei fleste havområda. Saltinnhaldet og storleiken på sjøen har gjort at han tradisjonelt er blitt kalla eit hav. I dag har innsjøen framleis namn med «havet» i på mange språk, og vert ofte rekna som eit innlandshav.

Kaspihavet
innsjø
Satellittbilde av Kaspihavet. (Kjelde: NASA)
Land  Russland,  Kasakhstan  Turkmenistan,  Iran  Aserbajdsjan
Innsjøtype Endorheisk
Saltsjø
Tilsig Volga, Uralelva
Utløp Fordamping
Nedslagsfelt 3 626 000[1] km²
Opphaldstid 250
Høgd over havet –28 moh.
Areal 371 000 km²
Middeldjupn 184 m
Største djupn 1 025 m
Volum 78 200 km³
Koordinatar 40°N 51°E / 40°N 51°E / 40; 51
Kart
Kaspihavet
42°00′N 50°30′E / 42°N 50.5°E / 42; 50.5
Wikimedia Commons: Caspian Sea

Kaspihavet er kalla opp etter den gamle folkegruppa kaspiarar. Romarane kalla han «Mare Caspium».[2]

Innsjøen endre

Sjøen blei innelukka av land for om lag 5,5 millionar år sidan. Ettersom han ikkje har noko utløp er han eit lukka økosystem eller ein endorheisk innsjø. Flatevidda og vasstanden blir påverka av balansen mellom tilsig og fordamping. I dag ligg vassoverflata i Kaspihavet 28 meter under havnivå.

Kaspihavet har altså ikkje samband med vasstanden i verdshava, men blir påverka av kor mykje vatn det blir tilført frå elvar. Volga er den viktigaste vasskjelda og tilfører om lag 80 % av vatnet. Også Uralelva renn ut i sjøen. Sidan det ikkje har nokre utsig, fører fordampinga frå vatnet til at salt og mineral som vert ført ut i innsjøen via elvane ikkje forsvinn.

Vasstanden i sjøen har auka og minka fleire gonger, ofte svært raskt. Nokre russiske historikarar hevdar at ein slik rask auke i mellomalderen førte til at byar i Khazaria, til dømes Atil, blei oversvømde.

Geografi endre

 
Kaspihavet ved Baku i Aserbajdsjan

Landa som grensar til innsjøen er Aserbajdsjan i sørvest, Iran i sør, Turkmenistan i søraust, Kasakhstan i nord og nordaust, og Dagestan, Kalmykia og Astrakhan oblast i Russland i nordvest. Det går vassvegar frå Kaspihavet til Azovsjøen via Manytsj-kanalen og Volga-Don-kanalen.

Av større område rundt Kaspihavet finn ein Den kaspiske senkinga i nord, steppene i Sentral-Asia i nordaust, Store Kaukasus på grensa mellom Russland og Aserbajdsjan, og Garabogazköl på austkysten.

Viktige byar ved Kaspihavet er Baku i Aserbajdsjan, Turkmenbashi i Turkmenistan, Astrakhan og Derbent i Russland, Atyrau og Aktau i Kasakhstan, og Astara, Anzali, Chalous, og Sari i Iran. Det går fleire ferjer over sjøen, mellom anna ei rute mellom Turkmenbashi og Baku.

Byar ved Kaspihavet endre

 
Kart over Kaspihavet. Dei gule områda indikerer tilsigsområdet til innsjøen.

Øyar endre

Ressursar endre

Den mest kjende fisken i Kaspihavet er stør. Det er rogna hans som blir brukt til å laga russisk kaviar. På grunn av overfiske har bestanden minka kraftig, og miljøvernarar meiner ein bør forby fisket til han har teke seg opp igjen.

I dei siste åra har ein òg oppdaga at sjøen har store felt av olje og gass. Den nye moglege rikdommen har ført til forsøk på å setja vassgrenser mellom dei fem landa som grenser mot sjøen. Russland, Aserbajdsjan og Kasakhstan skreiv i 2003 under på ein avtale som delte dei nordlege 64 % av sjøen mellom dei, men Iran og Turkmenistan har ikkje gått med på dette. Avtalelanda vil truleg fortsetja oljeutbyggjinga trass i dette, medan dei to andre vil forseinka henne. Det norske verksemda Statoil er involvert i oljeutvinning i Kaspihavet.

Historie endre

Historiske byar som har lege langs breiddene til Kaspihavet er Hyrcania og Tamisheh i Iran og Atil og Khazaran i Russland. I tidlegare tider har sjøen blitt kalla Det hyrcaniske havet, Den mazandariske sjøen, Khazarsjøen og Den khvalissiske sjøen. Det var romarane som gav innsjøen det namnet han ber i dag, Mare caspium, ettersom han verka som eit hav for dei. På farsi heiter han framleis Dariae mazenderan.

Kjelder endre

  1. van der Leeden, Troise, and Todd, eds., The Water Encyclopedia. Second Edition. Chelsea, MI: Lewis Publishers, 1990. s 196.
  2. Large Lakes of the World. Factmonster.com.

Bakgrunnsstoff endre