Den ytre karpatiske senkinga
Den ytre karpatiske senkinga er eit lågtliggande område som ligg omkring Vest-Karpatane. Området inkluderer nordvestlege område av Romania, sentrale område av Ungarn, vestlege delar av Slovakia, austlege område i Tsjekkia og Austerrike, sørlege område av Polen og sørvestlege delar av Ukraina. Den ytre karpatiske senkinga omkransar Dei ytre og Dei indre Vest-Karpatane, i tillegg til nordlege delar av Aust-Karpatane.
Området er delt inn i mange mindre område:
- Weinviertelåsane (Austerrike: Weinviertler Hügelland) + Dyje-Svratka Vale (tsjekkisk Dyjsko-svratecký úval)
- Vyškovporten (tsjekkisk Vyškovská brána)
- Den øvre Moraviadalen (tsjekkisk Hornomoravský úval)
- Den moraviske porten (tsjekkisk Moravská brána)
- Ostravabekkenet (tsjekkisk Ostravská pánev, polsk Kotlina Ostrawska)
- Oświęcimbekkenet (polsk Kotlina Oświęcimska)
- Krakówporten (polsk Brama Krakowska)
- Sandomierzbekkenet (polsk Kotlina Sandomierska) + San-Dnestr-sletta (ukrainsk: Sans'ko-Dnistrovs'ka rivnyna)
- Den øvre Dnestrsletta (ukrainsk Verchn'odnistrovs'ka rivnyna)
- Drohobytsjhøglandet (ukrainsk Drohobyc'ka vysochyna)
- Dnestrsletta (ukrainsk Pridnistrovs'ka rivnyna)
- Pokutskhøglandet (ukrainsk Pokuts'ka vysochyna)
- Bucovinahøglandet (ukrainsk Bukovyns'ka vysochyna) + Suceavaplatået (rumensk: Podişul Sucevei)
- Moldavia-Siret-kløfta (rumensk Culoarul Moldova-Siret)
- Dei moldoviske subkarpatane (rumensk Subcarpaţii Moldovei)
- Dei munteniske subkarpatane (rumensk Subcarpaţii Munteniei)
- Dei getiske subkarpatane (rumensk Subcarpaţii Getici)
- Geticplatået (rumensk Podişul Getic)