Dennis James
Dennis James er ein USA-amerikansk musikar og historisk bevaringsmann som spelte «ei viktig rolle i å gjere stumfilmar populære att internasjonalt presentert med autentisk, live musikk.»[1] Frå og med 1969 akkompagnerte han kinoframsyningar av stumfilmar med piano, teaterorgel, kammerensemble og fullt symfoniorkester gjennom USA, Canada, Mexico og andre stader. Han er no hovudsakleg aktiv som multi-instrumentalist, særskild glasharmonika og theremin, og har ofte spelt i New York på Metropolitan Opera, for Hollywood-filmar og mange gonger ved Lincoln Center's Mostly Mozart Festival.
Dennis James | |||
Dennis James bak tangentane på The Coleman Theater i Miami i Oklahoma i 2007, der han spelte musikk for stumfilen It | |||
Fødd | 12. september 1950 (74 år) | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Philadelphia | ||
Opphav | USA | ||
Instrument | tangentinstrument | ||
Verka som | klaverspelar, musikar, organist |
James har òg vore aktiv i å bevare og restaurere andre historiske instrument, som den franske Cristal d’ Baschet og Ondes Martenot, i tillegg til at han har byrja å spele tidleg synkopert jazz.[1]
Diskografi
endre- Dennis James at the «Fotoplayer»[2]
- Dennis James at the Movies. Ohio Theatre Summer Series (1975)[2]
- Dennis James at the Movies. Ohio Theatre Summer Series, Vol 2. (1977)[2]
- Dennis James Classic Theatre Organ (1985), spelt inn på Morton-orgel i Ohio Theater i Columbus, og Forum Theatre i New York.[2][3]
- Dennis James at the RTOS Wurlitzer[2]
- Dennis & Heidi James – Puttin' on the Ritz[2]
- Cristal: Glass Music Through the Ages (2002)
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Dennis James (musician)» frå Wikipedia på engelsk, den 22. november 2020.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ 1,0 1,1 Carl Bennett, Dennis James on SilentEra.com. Henta 21. november 2020.
- ↑ 2,0 2,1 2,2 2,3 2,4 2,5 «South Puget Pipeline Online. «Dennis James.»». Arkivert frå originalen 15. september 2007. Henta 15. september 2007.
- ↑ DeLay, Tom (January 1985). «For the Records». Theatre Organ 27 (1): 20. ISSN 0040-5531.