Der ingen skulle tru at nokon kunne bu
Der ingen skulle tru at nokon kunne bu er ein norsk fjernsynsserie. Serien handlar om menneske som har vald å leve på avsidesliggjande plassar, nær naturen og i enklare kår. Det første programmet blei sendt på NRK 8. desember 2002.[1] Førebels er det laga 19 sesongar av serien.
Type | fjernsynsprogram | ||
---|---|---|---|
Sjanger | Dokumentar/serie | ||
Opphavsland | Noreg | ||
Introduksjonsår | 2002 | ||
Sesongar | 19 | ||
Episodar | 112 | ||
Lengd | 39 min (29–59 min) | ||
Språk | Norsk | ||
Regi | Oddgeir Bruaset | ||
Programleiar | Oddgeir Bruaset, Arve Uglum, Noralv Pedersen | ||
Periode | 2002– | ||
Kanal | NRK1 NRK TV |
Oddgeir Bruaset skapte programmet og var programleiar dei første tolv åra.[2] Sentrale var også fotografane Brede Røsjø og Tor Sivertstøl. Då Bruaset pensjonerte seg i 2014, tok Arve Uglum over. Saman med hovudfotograf Torje Bjellaas hadde Uglum ansvaret i fem sesongar. I 2020 tok Noralv Pedersen over som programleiar og lagar i dag serien saman med Bjellaas.
Programidéen
endreTittelen på serien kjem frå songen «Anne Knutsdotter» av Claus Pavels Riis: «Vi bur oppå ein plass der som ingen skulle tru at nokon kunne bu». Før levde mange slik, no er det få. Men framleis finst menneske som bur utanfor allfarveg – på ein holme i havet, på ei fjellhylle eller i ein veglaus avkrok.
Programmet gir eit innsyn i kvardagen til desse menneska, som bur slik dei gjer, ikkje fordi dei må, men fordi dei vil.
Grunnane til at folk bur på dei avsidesliggjande plassane er ulike. Nokre har budd der heile livet. Andre har flytta tilbake til staden der dei er fødd og oppvaksen, ofte etter eit vaksenliv «utanskjers». Medan andre igjen har brote opp og flytta ut til ein plass utanfor allfarveg, for å leve nær naturen og i stilla.
Serien rommar menneske i ulike livsfasar, og programma har eit stort spenn i levd liv. At programmet framleis har gode sjåartal, tyder på at publikum set pris på dette mangfaldet.[3]
Popularitet
endreDer ingen skulle tru at nokon kunne bu er ein populær serie i Noreg. På det meste har programma blitt følgde av over 1 million sjåarar. Og sjølv etter store endringar i medievanane til folk dei siste åra, har serien framleis eit stort publikum.
Der ingen skulle tru at nokon kunne bu og serieskaparane har fått ei rekke utmerkingar, mellom andre desse:
- Gullruten 2008 i klassen beste magasin- eller livsstilsprogram.[4]
- Bruaset mottok Folkets TV-pris under Gullruten 2009.[5]
- Bruaset fekk i 2015 Gullruten sin heiderspris.[6]
- Uglum mottok i 2018 Kringkastingssjefens språkpris for «ein nynorskbruk som kler landskapet i programmet».
- Uglum fekk Kringkastingsprisen for 2020.
- Torje Bjellaas fikk i 2021 Gullruten sin fagpris for sitt fotoarbeid på serien.[7]
Ei rekkje oppfølgingsprogram er blitt laga, mellom anna ein heil serie om garden Røneset. Denne fekk namnet Severin, etter førenamnet på han som bur på garden i dag. Det er laga tre sesongar av Severin.
Der ingen skulle tru at nokon kunne bu inspirerte òg til andre tv-program, som Glimt av Norge.[8] Denne serien med kortdokumentarar hadde premiere i 2010 og er laga i ti sesongar.
Programmet er også populært i Sverige og har vore sendt på SVT sidan 2003.[9][10][11]
Episoder
endreSesong 1
endreEpisode | Tittel | Namn på personar | Lenke |
---|---|---|---|
1 | Sulabakk | Nils Storås | Programmet i NRK TV |
2 | Sylen | Eva og Kjell Ryvang | Programmet i NRK TV |
3 | Finnafjorden | Lars Finden | Programmet i NRK TV |
4 | Kjeåsen | Bjørg Wiik | Programmet i NRK TV |
5 | Fiskeværet | Tommy Rodahl | Programmet i NRK TV |
6 | Trodla-Tysdal | Kjell Tysdal | Programmet i NRK TV |
Sesong 2
endreEpisode | Tittel | Namn på personar | Lenke |
---|---|---|---|
1 | Gaundalen | Ingeborg Gaundal og Steinar Gaundal | Programmet i NRK TV |
2 | Givær | Olaug Olsen | Programmet i NRK TV |
3 | Styvi | Botolv Hov | Programmet i NRK TV |
4 | Finnskogen | Liv Burud og Trond Burud | Programmet i NRK TV |
5 | Revelsøy | Alma Jenssen | Programmet i NRK TV |
6 | Kvipt | Åsmund Kvipt | Programmet i NRK TV |
Sesong 3
endreEpisode | Tittel | Namn på personar | Lenke |
---|---|---|---|
1 | Tana | Charles Jensen | Programmet i NRK TV |
2 | Eikemo | Geir Arne Eikemo og Nils Kjetil Eikemo | Programmet i NRK TV |
3 | Vassvika | Ti Xiang Zhao, Viggo Vassvik og Anna Vassvik | Programmet i NRK TV |
4 | Bleikøya | Berit Gulbrandsen og Christian Gulbrandsen | Programmet i NRK TV |
5 | Sihccajavri | Mari Anne Kumpulainen Vanhaphia | Programmet i NRK TV |
6 | Kvebergsøya | Martin Kjønsberg og Eris Davids | Programmet i NRK TV |
Sesong 4
endreEpisode | Tittel | Namn på personar | Lenke |
---|---|---|---|
1 | Laksfjordvidda | Per Sørflaten | Programmet i NRK TV |
2 | Fyresdal | Elin Skålid og Tor Bolstad Jensen | Programmet i NRK TV |
3 | Gjevsjøen | Nils Christian Gjefsjø | Programmet i NRK TV |
4 | Åsligrenda | Kari Nøssvold, Margit Nøssvold og Per Bech | Programmet i NRK TV |
5 | Flatøy | Oddbjørn Selnes | Programmet i NRK TV |
Sesong 5
endreEpisode | Tittel | Namn på personar | Lenke |
---|---|---|---|
1 | Luster | Geirr Vetti | Programmet i NRK TV |
2 | Tinn | Ivanir Hasson og Carl Olsen | Programmet i NRK TV |
3 | Klyngjetunet | Signe Fure Hoddevik, Else Fure, Arthur Fure, Esther Hagen, Marit Fure, Kjell Fure | Programmet i NRK TV |
4 | Skåro | Jon J. Skaar | Programmet i NRK TV |
5 | Vågå | Sisco Välimaa Waldersløw og Karl Viggo Waldersløv | Programmet i NRK TV |
6 | Nyksund | Stedsportrett | Programmet i NRK TV |
Sesong 6
endreEpisode | Tittel | Namn på personar | Lenke |
---|---|---|---|
1 | Graddisfjellet | Kajsa Zetterquist og Per Adde | Programmet i NRK TV |
2 | Kjepso | Anne Kjepso og Per Kjepso | Programmet i NRK TV |
3 | Måren | Ivar Orvedal | Programmet i NRK TV |
4 | Fossdal | Anita Martinsen, Ola Bævre, Marit Martinsen | Programmet i NRK TV |
5 | Skjerdal | Daniel Skjerdal, Jens Skjerdal, Evelyn Kvamme Skjerdal, Liv Randi Teige | Programmet i NRK TV |
Sesong 7
endreEpisode | Tittel | Namn på personar | Lenke |
---|---|---|---|
1 | Kirkefjorden | Oddvar Berntsen, Ingrid Blomquist | Programmet i NRK TV |
2 | Femunden | Milda Femundshytte og Klas Femundshytten | Programmet i NRK TV |
3 | Hattfjelldal | Knut Kastnes og Siri Kobberød | Programmet i NRK TV |
4 | Homevassevje | Kirsten Lundsgaardvig | Programmet i NRK TV |
5 | Storfjorden | Severin Rønes | Programmet i NRK TV |
Sesong 8
endreEpisode | Tittel | Namn på personar | Lenke |
---|---|---|---|
1 | Værøy | Remi Johansen og Jeanette Johansen | Programmet i NRK TV |
2 | Aldal | Margot Bjørvik og Per Bjørvik | Programmet i NRK TV |
3 | Svinøya | Ola Braanaas | Programmet i NRK TV |
4 | Hasfjord | Else Juliussen | Programmet i NRK TV |
5 | Møsstrond | Anne Gro Istad Løvås og Åsmund Løvås | Programmet i NRK TV |
6 | Hvaler | Tore Amarius og Lene Akselie Amarius | Programmet i NRK TV |
7 | Romsdalen | Marit Kvam og Arnfinn Lislien | Programmet i NRK TV |
Sesong 9
endreEpisode | Tittel | Namn på personar | Lenke |
---|---|---|---|
1 | Bjerkrein | Tønnes Martin Dyrskog og Aud Marit Dyrskog | Programmet i NRK TV |
2 | Bø | Ellen Marie Hansteensen | Programmet i NRK TV |
3 | Jondal | Arne Bakke Mælen og Gry Melstveit | Programmet i NRK TV |
4 | Hitra | Ingvar Aabrek Klingenberg | Programmet i NRK TV |
5 | Vikabråten | Yvonne Christensen og Ole Jacob Christensen | Programmet i NRK TV |
6 | Skindalen | Anne Vågen Skindalen | Programmet i NRK TV |
Sesong 10
endreEpisode | Tittel | Namn på personar | Lenke |
---|---|---|---|
1 | Valdres | Inger Norunn Solhaug og Rainer Solhaug | Programmet i NRK TV |
2 | Bjarkøy | Olaug Pettersen | Programmet i NRK TV |
3 | Åseral | Magnhild Snaprud og Christoffer Christensen | Programmet i NRK TV |
4 | Brattværet | Leif Birger Hagen | Programmet i NRK TV |
5 | Fosenhalvøya | Klara Hårstad og Einar Hårstad | Programmet i NRK TV |
6 | Numedal | Lars-Erik Jacobsen | Programmet i NRK TV |
Sesong 11
endreEpisode | Tittel | Lenke |
---|---|---|
1 | Tilbakeblikk til Vassvika, Skåri, Åsligrenda og Nyksund | Programmet i NRK TV |
2 | Tilbakeblikk til Finden, Kvipt, Værøy, Skjerdal og Makø | Programmet i NRK TV |
3 | Tilbakeblikk til Måren, Eikemo, Litle Færøy, Erik Larsatjønna, Skindalen, Givær | Programmet i NRK TV |
4 | Tilbakeblikk på de som har flyttet og de som har gått bort | Programmet i NRK TV |
Sesong 12
endreEpisode | Tittel | Namn på personar | Lenke |
---|---|---|---|
1 | Bønå | Ole Arnold Bønå | Programmet i NRK TV |
2 | Setesdalsheiane | Åse Kokaas og Rune Ingebretsen | Programmet i NRK TV |
3 | Hedmark | Gry Schjøll og Dag Hansen | Programmet i NRK TV |
4 | Ry | Bente Thurmann-Nielsen og Tormod Skeie | Programmet i NRK TV |
5 | Glittersjå | Hege Thorson Nordskar og Helge Nordskar | Programmet i NRK TV |
6 | Storfjorden | Kari-Anne Nilsen | Programmet i NRK TV |
Sesong 13
endreEpisode | Tittel | Namn på personar | Lenke |
---|---|---|---|
1 | Samnanger | Bente Getz | Programmet i NRK TV |
2 | Hattfjelldal | Stine Reinfjord Engdal og Per-Sverre Engdal | Programmet i NRK TV |
3 | Nord-Hidle | Terjer Hidle og Erling Eriksen Hidle | Programmet i NRK TV |
4 | Skifterud | Gaby Larsen og Rupert Derben | Programmet i NRK TV |
5 | Meråker | Katrine Høttmon og Bjarne Høttmon | Programmet i NRK TV |
6 | Valdres | Erik Rostbøll og Kirsten Rostbøll | Programmet i NRK TV |
Sesong 14
endreEpisode | Tittel | Namn på personar | Lenke |
---|---|---|---|
1 | Tangeneset | Pål Ryland og Trude Søilen | Programmet i NRK TV |
2 | Gamvik | Adriaan Smis | Programmet i NRK TV |
3 | Austli | Hillborg Romtveit og Trygve Vaagen | Programmet i NRK TV |
4 | Bliksvær | Nils Thommesen | Programmet i NRK TV |
5 | Fonna | Lisa Instefjord Gilje, Svein Eivind Gilje, Robert Sørfonn | Programmet i NRK TV |
6 | Sognefjorden | Vilhelm Rumohr | Programmet i NRK TV |
Sesong 15
endreEpisode | Tittel | Namn på personar | Lenke |
---|---|---|---|
1 | Sylvarnes | Magne Sylvarnes | Programmet i NRK TV |
2 | Tanafjorden | Bente Aust, Tore Wæraas | Programmet i NRK TV |
3 | Kristiansand | Trond Henning Monan | Programmet i NRK TV |
4 | Lysefjorden | Agnes Tiffon, Hessel Haker | Programmet i NRK TV |
5 | Veafjorden | Norvald Bukkestein | Programmet i NRK TV |
6 | Jotkajavvri | Lisa Romsdal Kristensen, Steinar Kristensen | Programmet i NRK TV |
Sesong 16
endreEpisode | Tittel | Namn på personar | Lenke |
---|---|---|---|
1 | Hjørundfjorden | Daniel Storeide og Ivonne Eikremsæter | Programmet i NRK TV |
2 | Vorterøy | Ingebjørg Gamst | Programmet i NRK TV |
3 | Vistenfjorden | Kaia Aarstrand og Bjørnar Aarstrand | Programmet i NRK TV |
4 | Fagermyr | Dag N. Fagermyr | Programmet i NRK TV |
5 | Svinøya | Gunnar Bengtsson, Lise Juul Mortensen, Gorm Bengtsson | Programmet i NRK TV |
6 | Nærøyfjorden | Arild Dyrdal | Programmet i NRK TV |
Sesong 17
endreEpisode | Tittel | Namn på personar | Lenke |
---|---|---|---|
1 | Tussøy | Svein Brox og Synnøve Steinsland | Programmet i NRK TV |
2 | Skjæløy | Jan Erik Weel Johansen, Janne Weel Johansen, Øyvind Johansen, Ragnhild Johansen | Programmet i NRK TV |
3 | Vinkenes | Karin Vinkenes | Programmet i NRK TV |
4 | Grue Finnskog | Jan Storberget | Programmet i NRK TV |
5 | Skorpo | Ole Kristoffer Vågen, Anja Strüter | Programmet i NRK TV |
6 | Sandøybotn | Einar Røe og Illona Røe | Programmet i NRK TV |
Sesong 18
endreEpisode | Tittel | Namn på personar | Lenke |
---|---|---|---|
1 | Skrova fyr | Reidar Sørensen og Frank Marstokk | Programmet i NRK TV |
2 | Blefjell | Marit Karlsen | Programmet i NRK TV |
3 | Embretsæter | Pernille Anker og Samuel Duc | Programmet i NRK TV |
4 | Nautøyna | Jon Kvalvik og Johanne Haveland | Programmet i NRK TV |
5 | Annsteinsundet | Roger Eidshaug og Marit Kuvås | Programmet i NRK TV |
6 | Mollešjohka | Per Edvard Johnsen | Programmet i NRK TV |
7 | Julespesial | Tor-Evert Johansen | Programmet i NRK TV |
Sesong 19
endreEpisode | Tittel | Namn på personar | Lenke |
---|---|---|---|
1 | Hovden | Harald Hovden og Hilde Hovden | Programmet i NRK TV |
2 | Herøya | Aud Skjærbusdal Bye | Programmet i NRK TV |
3 | Presteroi | Nils Leidal | Programmet i NRK TV |
4 | Lille Kalvøya | Kathrine Nydahl, Ole Nydahl, Ellen Nydahl | Programmet i NRK TV |
5 | Helgenes | Ingrid Melkersen, Arvid Melkersen, Oddvar Pedersen | Programmet i NRK TV |
6 | Rott | Elfrid Rott, Oddvar Rott og Jostein Lundal | Programmet i NRK TV |
Sesong 20
endreEpisode | Tittel | Namn på personar | Lenke |
---|---|---|---|
1 | Husøya | Borgny og Roald Mathisen | Programmet i NRK TV |
2 | Isnes | Frank Eriksen | Programmet i NRK TV |
3 | Hille | Svein J. Vatnøy | Programmet i NRK TV |
4 | Lávvonjárga | Yngve Johansen | Programmet i NRK TV |
5 | Merdø | Trond Helle | Programmet i NRK TV |
6 | Øvre Brekkebakkane 2 | Tor-Evert Johansen | Programmet i NRK TV |
Sesong 21
endreEpisode | Tittel | Namn på personar | Lenke |
---|---|---|---|
1 | Øvre Brekkebakkane 3 | Line Raunkjær og Tor-Evert Johansen | Programmet i NRK TV |
2 | Øvre Brekkebakkane 4 | Line Raunkjær og Tor-Evert Johansen | Programmet i NRK TV |
3 | Ytre Eikjo og Svalbard | Sigri Sandberg og Steinar Rorgemoen | Programmet i NRK TV |
4 | Venabygdsfjellet | Olaug Furusæter | Programmet i NRK TV |
5 | Hartvigøya | Alexander Hartvikøy | Programmet i NRK TV |
6 | Dønnesfjord | Mette Roland og Arnfinn Roland | Programmet i NRK TV |
Sesong 22
endreEpisode | Sted | Navn på personer | Lenke |
---|---|---|---|
1 | Brunborg | Anders Brunborg | Programmet i NRK TV |
2 | Otterskred | Evy og Inge Otterskred | Programmet i NRK TV |
3 | Storholmen | Jeanette Hansen og Pascal Bolwijn | Programmet i NRK TV |
4 | Vikabråten | Marit Eckhoff og Frank Eriksen | Programmet i NRK TV |
5 | Lund | Bart Brouwers | Programmet i NRK TV |
6 | Gjerdøyhamn | Jonny Losvik | Programmet i NRK TV |
Referansar
endre- ↑ Serien si hovudside på nrk.no
- ↑ NRK Møre og Romsdal, 25.10.13: Snart slutt for "Der ingen skulle tru at nokon kunne bu"
- ↑ Zaheer, Nafisa, «NRK-jubilant feirer med over 650.000 seere - kun slått av Dagsrevyen», kampanje.com (på norsk bokmål), henta 19. desember 2022
- ↑ Store Norske Leksikon: Gullruten
- ↑ Filmkraft: Gullruten 2009, arkivert frå originalen 5. august 2017, henta 5. august 2017
- ↑ Se og Hør 09.05.2015
- ↑ Redaksjonen (7. mai 2021). «Gullrutens fagpriser: Her er vinnerne». Rushprint (på norsk bokmål). Henta 3. november 2021.
- ↑ Serien Glimt av Norge si hovudside på nrk.no
- ↑ Hjetland, Geir Bjarte (21. oktober 2017). «Svenskane elskar denne programserien». NRK. Henta 3. november 2021.
- ↑ «Tv-toppen: Allsång och mord sågs av flest», nyheter24.se (på svensk), 24. juli 2023, henta 10. november 2023
- ↑ «Tv-toppen: Många firade nationaldagen med SVT», www.aftonbladet.se (på svensk), 13. juni 2022, henta 10. november 2023