Noralv Pedersen

norsk journalist og forfattar

Noralv Pedersen (fødd 1975) er ein norsk forfattar og journalist, busett i Vik i Sogn. Pedersen er journalist i NRK Vestland og arbeider med programmet Der ingen skulle tru at nokon kunne bu. Han har òg arbeidd i NRK Kulturnytt. Pedersen er språkkontakt i redaksjonen, har vore mangeårig medlem i NRK sitt språkstyre og har halde ei rekkje kurs i godt og rett språk.

Noralv Pedersen
Statsborgarskap Noreg
Fødd 1975 (49 år)
Yrke skribent, journalist, programleiar

Noralv Pedersen er cand.polit. med hovudfag i geografi frå NTNU. Tidlegare arbeidde han som journalist og spaltist i fleire aviser, m.a. Dag og Tid og Klassekampen.

Han har gitt ut fleire bøker. Den første, antologien Fri, kom ut i 1998. I 2009 gav han ut Den gode viljen. Ein dokumentar om norsk fredspolitikk,[1] og i 2013 kom Når far treng meg. Ei forteljing om pårørande i norsk eldreomsorg.[2]

Bibliografi

endre

Bøker

endre

Kjelder

endre
  1. «Endå eit fredsprosjekt i grus?», www.dagsavisen.no (på norsk), henta 12. mars 2020 
  2. «Når far treng meg - ISBN 9788243007604 - Spartacus Forlag», spartacus.no, henta 12. mars 2020 

Bakgrunnsstoff

endre