Oddgeir Bruaset

norsk journalist

Oddgeir Bruaset (fødd 10. desember 1944 i Måndalen i Rauma) er ein norsk journalist, forfattar og programleiar, busett på Sunnmøre. Han er kjend frå seriar på NRK.[1]

Oddgeir Bruaset

Statsborgarskap Noreg
Fødd 10. desember 1944 (79 år)
Måndalen Sjå dette på Wikidata
Yrke journalist
Prisar Møre og Romsdal fylkes kulturpris, Kongens fortenestemedalje i sølv, Alf Helleviks mediemålpris, Gullrutens hederspris, Gullrutens publikumspris
Oddgeir Bruaset på Commons

Han er utdanna lærar frå Volda lærarskule, og har studert ved Universitetet i Bergen. Han arbeidde eit par år som lærar i Volda, før han i 1971 kom til NRK Møre og Romsdal (Ålesund), og der vart han verande heilt til han i 2014 gjekk av med pensjon. Dei første åra arbeidde Bruaset mest i radioen, men i 1982 vart han tilsett i ei nyoppretta fjernsynsstilling. Sidan har han arbeidd med å lage TV-program, mange med kulturhistorisk tilknyting. Mest kjend har han vorte for serien Der ingen skulle tru at nokon kunne bu (2001–2014). Han er også ein mykje brukt foredragshaldar.

Utgjevingar endre

  • I tråd med tida (Rauma Ullvarefabrikk, 2002).

Prisar og utmerkingar endre

Kjelder endre

Fotnotar endre

  1. omtale frå NRK Møre og Romsdal