Opna hovudmenyen

Dermatopontin

proteinkodande gen hos arten Homo sapiens

Dermatopontin er eit matricellulært protein som hos menneske er koda for av genet DPT.[5][6] Det er gjort framlegg om at proteinet styrer åtferda til TGF-β gjennom vekselverknader med dekorin.[6] Proteinet er bygd opp av 201 aminosyrer og har ei molekylvekt på 24 kilodalton.[7] Kvartærstrukturen samhandlar med TGF-β1, dekorin og kollagen.[8][9] Dermatopontin har fleire angiogenesefremjande eigenskapar som kan vere nyttige i behandling av kroniske sår og kreft.[10][9] Proteinet fekk namnet sitt av di det kan binde seg til både celler og dermatansulfatproteoglykan i huda, som ein analogi til osteopontin, som bind seg til integrin og hydroksyapatittkrystallar i beinvev.[5]

DPT
Identifikatorar
Andre namnDPT, TRAMP, dermatopontin
Eksterne ID-arMGI: 1928392 HomoloGene: 1458 GeneCards: DPT
Genplassering (menneske)
1
Kromosom1[1]
1
Genomplassering for DPT
Genomplassering for DPT
Band1q24.2Byrjing168,695,468 bp[1]
Ende168,729,206 bp[1]
RNA-uttrykksmønster
PBB GE DPT 207977 s at fs.png

PBB GE DPT 213071 at fs.png

PBB GE DPT 213068 at fs.png
Meir referanseuttrykksdata
Ortologar
ArtMenneskeMus
Entrez
Ensembl
UniProt
RefSeq (mRNA)

NM_001937

NM_019759

RefSeq (protein)

NP_001928

NP_062733

Plassering (UCSC)Chr 1: 168.7 – 168.73 MbChr 1: 164.8 – 164.82 Mb
PubMed-søk[3][4]
Wikidata
sjå/endra menneskesjå/endra mus

Virvellause dyr har homologar av dermatopontin som i hovudsak har til føreloge å feste seg til eller klumpe seg saman med andre celler.[9]

Genet er knytt til sjukdommane leiomyom, keloidar og aniseikoni.[8][11]

KjelderEndra

  1. 1,0 1,1 1,2 GRCh38: Ensembl release 89: ENSG00000143196 - Ensembl, May 2017
  2. 2,0 2,1 2,2 GRCm38: Ensembl release 89: ENSMUSG00000026574 - Ensembl, May 2017
  3. «PubMed-kjelde for menneske:». 
  4. «PubMed-kjelde for mus:». 
  5. 5,0 5,1 Superti-Furga A, Rocchi M, Schafer BW, Gitzelmann R (Oct 1993). «Complementary DNA sequence and chromosomal mapping of a human proteoglycan-binding cell-adhesion protein (dermatopontin)». Genomics 17 (2): 463–7. PMID 8104875. doi:10.1006/geno.1993.1348. 
  6. 6,0 6,1 «DPT dermatopontin [ Homo sapiens (human) ]». Gene. National Center for Biotechnology Information. 8. juni 2017. Henta 4. juli 2017. 
  7. «UniProtKB - Q07507 (DERM_HUMAN)». UniProt. UniProt Consortium. 7. juni 2017. Henta 4. juli 2017. 
  8. 8,0 8,1 «DPT Gene». GeneCards. Weizmann Institute of Science. Henta 4. juli 2017. 
  9. 9,0 9,1 9,2 Okamoto O, Fujiwara S (2006). «Dermatopontin, a novel player in the biology of the extracellular matrix.». Connect Tissue Res 47 (4): 177–89. PMID 16987749. doi:10.1080/03008200600846564. 
  10. Krishnaswamy VR, Balaguru UM, Chatterjee S, Korrapati PS (2017). «Dermatopontin augments angiogenesis and modulates the expression of transforming growth factor beta 1 and integrin alpha 3 beta 1 in endothelial cells.». Eur J Cell Biol 96 (3): 266–275. PMID 28336087. doi:10.1016/j.ejcb.2017.02.007. 
  11. Catherino WH, Leppert PC, Stenmark MH, Payson M, Potlog-Nahari C, Nieman LK; et al. (2004). «Reduced dermatopontin expression is a molecular link between uterine leiomyomas and keloids.». Genes Chromosomes Cancer 40 (3): 204–17. PMC 4152899. PMID 15139000. doi:10.1002/gcc.20035. 

BakgrunnsstoffEndra