Derrick var ein velkjend og populær tysk krimserie for fjernsyn. Han vart produsert av ZDF, ORF og SF DRS i 281 episodar mellom 20. oktober 1974 og 16. oktober 1998. Hovudrolla som detektiven sjefinspektør Stephan Derrick, som løyste kompliserte mordsaker i München, hadde Horst Tappert. Den trufaste assistenten hans, Harry Klein, vart spelt av Fritz Wepper.

Derrick

Typefjernsynsserie
SjangerKrimserie
OpphavslandTyskland
Sesongar25
Episodar281
SpråkTysk
SkaparHerbert Reinecke
ProduksjonsleiarHelmut Ringelmann
MusikkLes Humphries
MedverkandeHorst Tappert
Fritz Wepper
Periode24. oktober 1974–
16. oktober 1998
KanalORFZDF

Serien er eksportert til 100 land, og var i tillegg til Tyskland særleg populær i Japan, Kina, Frankrike, Italia og Noreg.