Harry er ei engelsk form av Henry (norsk Henrik). Det kan òg nyttast som kortnamn for andre namn. Harry har norsk namnedag den 22. august og svensk den 10. oktober.

Reklame for Harry Houdini.

Avleiing endre

Harry var opphavleg eit kjælenamn, men er seinare blitt brukt som døypenamn. I nyare tid har det også vore nytta som kortnamn for Harold. Hal er ei kortform av Harry igjen. Harriet er ei kvinneleg form av namnet.

Bruk endre

 
Heltefiguren Harry Potter gjorde namnet Harry kjend over heile verda.

Namnet var den vanlege engelske forma av Henry i mellomalderen og seinare. Shakespeare brukte henne mellom anna for kong Henrik i stykket Henry V.

Namnet var svært vanleg i USA rundt 1890, då over 2,0 % av nyfødde gutar kunne få namnet. Bruken har deretter gått ned. I Storbritannia steig bruken mykje etter at ein prins fekk namnet i 1984, og utgjevingane av bokserien og filmane om trollmannseleven Harry Potter (frå 1997).

Namneberarar endre

Annan bruk endre

I Nord-England har «Old Harry» vore kallenamn for djevelen sidan 1700-talet.

«Great Harry» var kallenamnet på «Henry Grace à Dieu», eitt av dei største krigsskipa på 1500-talet.

I Noreg har omgrepet «harry», med utgangspunkt i namnet, blitt brukt om ulike former for «folkeleg» oppførsel frå 1900-talet.

Namnet Harry vart kjend over heile verda då J.K. Rowling skreiv bøkene om trollmannen Harry Potter.

Kjelder endre

  • behindthename.com
  • Hanks, Patrick; Hardcastle, Kate; Hodges, Flavia (2006), «Harry», A Dictionary of First Names, Oxford University Press 
  • Judith Siefring, red. (2004), «devil», The Oxford Dictionary of Idioms, Oxford University Press