Despoina (gresk Δέσποινα; «frue» eller «herskarinne»), også gjengitt som Despoena eller Despoine, var ei fruktbarheitsgudinne i gresk mytologi som blei dyrka saman med mora si Demeter i ein arkadisk mysteriekult. Det sanne namnet hennar blei berre avslørt for dei innvigde.[1] Ho er tett identifisert med gudinnene Persefone, Artemis og Hekate, som alle bar tittelen «despoina».[2]

Despoina

MorDemeter
FarPoseidon

Despoina var dotter av Demeter og havguden Poseidon, og syster av Arion.[3] Geografen Pausanias nemner Demeter med to døtrer, Kore som var fødd fyrst, og seinare Despoina. Då Zevs var far til Kore («Jomfrua»), og Poseidon var far av Despoina, gjer Pausanias klart at Kore er Persefone, sjølv om han kunne ikkje avsløra det verkelege namnet til Despoina. I den antekne eldste og primitive myten oppdaga Poseidon Demeter, «Jordmodera», og han kravde henne. For å unngå han forvandla ho seg til ei hoppe, men han tok forma av ein hingst og para seg med henne. Frå denne foreininga blei dottera Despoina og den fabelaktige hesten namn Arion (Ἀρείων) fødd. Gjennom raseriet sitt over overgrepet til Poseidon tok Demeter epitetet Erinys, «den uforsonlege».[4]

Despoina blei dyrka i ein heilagdom ved Lykosura vest for byen Megalópolis. Dette er ein svært viktig stad for studiet av mysteriereligionane frå oldtida og antikken, sjølv om denne kulten heldt fram med å vere regional framfor panhellenistisk. Despoina blei seinare smelta saman med Persefone. På denne staden var det eit tempel til Artemis Hegemone («Leiaren») med eit bronsebilete, tilsynelatande av Hekate. Deretter var det ein inngang til den heilage inngjerdinga til Despoina.

I portiko var det ei tavle med inskripsjonar knytte til mysteria. Framfor tempelet var det eit alter til Demeter og eit anna til Despoina, og deretter var det eit for Den store modera. Demeter bar ein fakkel i høgre hand, og den andre handa hennar låg på Despoina. Ved sida av Demeter stod Artemis (truleg også identifisert med Hekate). Ved biletet av Despoina stod Anytos, ein av titanane. Arkadiarane meinte at Despoina var oppfostra av Anytos, og Artemis blei framstilt ikkje som ei dotter av Leto, men av Demeter. Ved sida av tempelet var det ein hall der arkadiarane feira mysteria, og bortanfor denne var det ein lund som var heilag for Despoina og alter for Poseidon Hippios («Hesten») og for andre gudar.

Kjelder

endre
  1. Pausanias: Beskrivelse av Hellas, 8.37.9
  2. «Despoina», Theoi Project
  3. Pausanias, 8.25.7, 8.42.1.
  4. Pausanias 8.25.50

Bakgrunnsstoff

endre