Demeter (gresk Δημήτηρ) er den olympiske gudinna for jordbruk i gresk mytologi, som har innverknad over avlingar, korn, mat og fruktbarheit på jorda. Ho blir òg kalla Deo (Δηώ Dēṓ).[1] Ho er dotter av Kronos og Rhea, og syster til Zevs, Hera, Hestia, Hades og Poseidon. Dottera hennar er Persefone, som blei kona til Hades. Kjenneteikna til Demeter er kornaks og fakkel. Det romerske motstykket hennar er Ceres.[2]

Demeter

Opptrer iHades
Identifisert medCeres
Andre namnΔημήτηρ (/dɪˈmtər/, attisk Δημήτηρ Dēmḗtēr [dɛːmɛ́ːtɛːr]; dorisk Δαμάτηρ Dāmā́tēr)
MorRhea
FarKronos
SambuarCarmanor, Zevs, Poseidon
BarnPersefone, Plutos, Amphitheus, Calligeneia, Arion, Despoina, Philomelus, Eubuleus, Chrysothemis, Dmia, Hekate
Demeter. Romersk kopi av ei gresk byste.

Sjølv om Demeter er mest kjend som korngudinne, er ho òg knytt til helse, fødsel og ekteskap, og hadde samband med underverda.[3] I gresk tradisjon er Demeter det andre barnet til titanane Rhea og Kronos, og syster til Hestia, Hera, Hades, Poseidon og Zevs. Som dei andre syskena sine bortsett frå Zeus, blei ho slukt av far sin som spedbarn og seinare redda av Zevs.

Gjennom broren Zevs blei ho mor til Persefone, ei gudinne for grøde og gjenoppstanding.[4][5] Eit av dei best kjende homeriske hymna, Homerisk hymne til Demeter, fortel soga om at Persephone blei kidnappa av Hades og at Demeter leita etter ho. Då Hades, kongen i underverda, ville ta Persefone til kone, kidnappa han henne frå ei eng medan ho plukka blomar, med løyve frå Zevs. Demeter leita overalt for å finna dottera sin som var forsvunne utan å lukkast, før ho fekk beskjed om at Hades hadde ført henne til underverda. Som svar forsømte Demeter oppgåvene sine som jordbruksgudinne og dreiv jorda til ei dødeleg hungersnaud der ikkje noko ville veksa, slik at dei døyelege døydde. Zevs gav Hades ordre om å gje Persefone tilbake til mor si for å unngå katastrofen. Men fordi Persefone hadde ete mat i underverda, kunne ho ikkje bli hjå Demeter for alltid, men måtte dela året mellom mora og ektemannen. Soga forklarte årstidssyklusen sidan Demeter ikkje lèt plantane veksa medan Persefone er borte.

I dei eldste framstillingane av Demeter er ho ei gudinne for korn og tresking, men funksjonane hennar blei utvida utover desse felta, og ho blei ofte identifisert med jordgudinna, Gaia. Nokre av epiteta til Gaia og Demeter er like, noko som viser deI liknande identitetane deira. I dei fleste av mytane og kultane sine er Demeter ‘Kornmor’ eller ‘Jord-mor’. I dei eldre ktoniske kultane var jordgudinna knytt til underverda, og i dei hemmelege rita (mysteria) deler Demeter og Persefone den doble funksjonen død og fruktbarheit. Demeter er gjevaren av dei hemmelege ritane og gjevaren av lovene for korndyrking. Ho blei no og då identifisert med den store mora Rhea-Kybele som blei tilbeden på Kreta og i Vesle-Asia med med cymbal-musikk og valdelege ritar. Det verker som om valmuar var knytte til kulten til den store mora.

Demeter blei ofte sett på som den same figur som den anatolske gudinna Kybele, og ho blei identifisert med den romerske gudinna Ceres.

Ei tidleg form av namnet Demeter kan ha opptredd i Linear A som da-ma-te i tre dokument (AR Zf 1 og 2, og KY Za 2), alle tre vigde til religiøse situasjonar og alle tre med berre namnet (i-da-ma-t på AR Zf 1 og 2).[6] Det er lite truleg at Demeter dukkar opp som da-ma-te i ein Linear B-inskripsjon (mykensk gresk, PY En 609); ordet 𐀅𐀔𐀳 , da-ma, viser truleg til ‘hushald’.[7][8] På den andre sida kan 𐀯𐀵𐀡𐀴𐀛𐀊, si-to-po-ti-ni-ja, ‘Potnia av kornet’, tolkast som ein referanse til forgjengaren hennar i bronsealderen eller til eit av epiteta hennar.[9]

Demeter sin karakter som morgudinne er identifisert i det andre elementet i namnet hennar «meter» (μήτηρ) som er avleidd frå proto-indoeuropeisk (PIE) *méh2tēr (‘mor’).[10] I antikken blei det gjeve ulike forklaringar på det fyrste elementet i namnet hennar. Det er mogleg at Da (Δᾶ), eit ord som samsvarar med (Γῆ) i Attic, er den doriske forma av De (Δῆ), ‘jord’, det gamle namnet til den ktoniske jordgudinna, og at Demeter er «Moder jord».[11] Liddell & Scott finn dette «usannsynleg» og Beekes skriv at «det er ingen indikasjon på at [da] tyder ‘jord’,» sjølv om det òg har vore anteke i namnet til Poseidon som er funne i Linear B-inskripsjonen E-ne-si-da-o-ne, ‘jordskjelvar’.[12][13][14] John Chadwick argumenterer òg for at -elementet i namnet til Demeter ikkje er så lett å likna med ‘jord’.[13][14][15]

M.L. West har foreslått at ordet Demeter, opphavleg Damater, kan vera eit lån frå ein illyrisk guddom funnen att i den messapiske gudinna Damatur, med ei form dā- (‘jord’, frå PIE *dʰǵʰ(e)m-) knytt til -matura (‘mor’), som er lik den illyriske guden dei-paturos (dei-, ‘sky’, knytt til -paturos, ‘fader’). Den lesbiske forma Dō- kan berre spegla ei anna folkespråkleg uttale av det ikkje-greske namnet.[16]

Ein annan teori hevdar at elementet De- kan vera knytt til Deo, eit epitet for Demeter,[17] og kan vera avleidd frå det kretiske ordet dea (δηά), ionisk dei (ζειά) - som er blitt tolka som emmer, spelt, rug eller andre kornslag av moderne lærde - slik at ho er mora og gjevaren av mat generelt.[18][19] Dette synet er delt av den britiske forskaren Jane Ellen Harrison, som har foreslått at namnet Démeter tyder ‘korn-mor’, i staden for ‘jord-mor’.[20]

Ei alternativ proto-indo-europeisk avleiing kjem gjennom Potnia og Despoina, der Des- representerer ei avleiing av PIE *dem (hus, kuppel), og Demeter er ‘mor til huset’ (frå PIE *Dems-méh2tēr).[21] R.S.P. Beekes avviser ei gresk tolking, men ikkje nødvendigvis ei indo-europeisk.[13]

Ikonografi

endre
 
Demeter på ein didrakme frå øya Paros, laga på Kykladane.

Demeter blei ofte knytt til bilde av innhaustinga, mellom anna blomar, frukt og korn. Ho blei til tider òg avbilda med dottera si Persefone. Demeter blir ikkje generelt skildra med nokon av makane sine; bortsett frå med Iasión, den unge mannen frå Kreta som låg med henne i ein åker som var pløgd tre gonger og deretter blei drepen med lyn av ein sjalu Zevs.

Demeter blei knytt til stjernebildet Virgo, Jomfrua, av Marcus Manilius i det 1. hundreåret i det romerske verket Astronomicon. I kunst held konstellasjonen Jomfrua eit kornnek, Spica, i handa og sit ved sida av konstellasjon Leo, løva.[22]

I Arkadia var ho kjend som «Svarte Demeter». Ho blei sagt å ha teke forma av ei merr for å sleppa unna forfølginga av den yngre broren sin Poseidon, og etter å ha blitt valdteken av han til trass for forkledinga, kledde ho seg i svart og trekte seg tilbake til ei grotta for å sørga og reinsa seg. Ho blei derfor avbilda med hestehovud i denne regionen.[23]

Den kjende bilethoggaren Onatas laga ein skulptur av den svarte Demeter.[24]

Skildring

endre

Som jordbruksgudinne

endre
 
Demeter, på ei trone, held handa i ei signing av den knelande Metaneira, som tilbyr henne kveite (ca. 340 f.Kr.)

I episk poesi og i Theogonien til Hesiod er Demeter Kornmora, gudinna for korn som gjev korn til brød og signar innhaustarane. I Iliaden av Homer skil den blonde Demeter klinten frå kveiten ved hjelp av vinden.[25] Homer nemner thalysia, ein gresk haustfestival av dei fyrste fruktene til ære for Demeter.[26] I Hesiod hjelper bønner til Zeus-Ktonios (ktoniske Zeus) og Demeter avlingane til å veksa seg sterke og mogne.[27] Dette var hovudfunksjonen hennar i Eleusis, og ho blei ein panhellenisk guddom. På Kypros var ‘kornhausting’ damatrizein. Demeter var Zeidoros aroura, den homeriske ‘mor jord-arοura’ som gav gåva med korn (zeai eller deai).[28][29]

Dei fleste epiteta til Demeter viser til henne som ei gudinne for korn. Namnet Deo i litteraturen[30] knyter henne truleg til dei, eit kretisk ord for korn. I Attika blei ho kalla Haloas (etter treskegolvet), etter dei tidlegaste oppfatningane av Demeter som Korn-mora. Ho blei til tider kalla Khloe (‘moge eller fersk-grønt korn’), og til tider Ioulo (ioulos, kornaks). Khloe var gudinna for ungt korn og unge vekstar, og iouloi var haustsangar til ære for gudinna. Innhaustarar kalla Demeter Amallophoros (‘gjevar av nek’) og Amaia (‘reknar’). Gudinnen var den som gav ein overflod av mat, og ho var kjend som Sito (‘av kornet’) og Himalis (‘av overflod’).[31] Brødet frå den fyrste innhaustinga blei kalla thalysisk brød (thalysia) til ære for Demeter.[32] Offerkakene ein brann på altaret blei kalla ompnia, og i Attika var gudinna kjend som Ompnia (knytt til korn). Desse kakene blei ofra til alle gudane.

 
Den eleusinske trioen: Persefone, Triptolemus og Demeter (romersk kopi frå den tidlege keisartida av det store eleusinske relieffet frå Elevsína, 440-430 f.Kr.)

Ved nokre festivalar ofra ein store brød (artoi) til gudinna, og i Viotía var ho kjend som Megalartos (av det store brødet) og Megalomazos (av den store massen, eller store grauten). Funksjonen hennar blei utvida til vegetasjon generelt og til alle frukter, og ho hadde epiteta eukarpos (god avling), karpophoros (fruktbringar), malophoros (epleberar) og til tider Oria (alle fruktene i sesongen). Desse epiteta viser ein identitet liknande den til jordgudinna.[31][33][34][35]

Det sentrale temaet i Dei eleusinske mysteria var gjenforeningen av Persefone med mor si, Demeter, då nye avlingar blei sameinte med det gamle frøet, ei form for æve.

Ifølge den athenske retorikaren Isokrates var Demeter sine største gåver til menneskja jordbruket, som gav dei ein sivilisert livsstil, og mysteria, som gjev dei innvigde høgare håp i dette livet og det som kjem etter.[36]

Desse to gåvene var nært knytte til mytane og mysertekultane knytte til Demeter. Gudinna er gjevaren av mystiske ritar og gjevaren av den siviliserte måten å leva på (ved å læra menneskja reglane om jordbruket). Epithetet hennar Eleusinia knyter henne til dei eleusinske mysteria, men i Sparta hadde Eleusinia ein tidleg bruk, og det var truleg eit namn i staden for eit epitet.[37] Demeter Thesmophoros (lovgjevar) er nært knytt til lovene kring korndyrking. Festivalen thesmophoria bleifeira over heile Grekland og var knytt til ei form for jordbruksmagi.[38] Nær Feneus i Arkadia var ho kjend som Demeter-Thesmia (lovfull), og ho blei dyrka etter den lokale versjonen.[39]

Symbolet for Demeter er valmuen, ein lyseraud blome som vekst blant byggkorn.

Gudinne for jord og underverda

endre
 
Pelike. Pluton med overflodshorn og Demeter med septer og plog. Av Orestes-målaren. 440-430 f.Kr.

I tillegg til rolla som jordbruksgudinne blei Demeter ofte tilbedd meir generelt som ei gudinne for jorda, som avlingane spring ut frå. Individualiteten hennar var rotført i den mindre utvikla personlegdommen til Gaia (jorda). I Arkadia blei Melaina (svarte Demeter) representert med hestehovud og ormehår, haldande på ei due og ein delfin, kanskje for å symbolisera makta hennar over underverda, lufta og vatnet.[40][41] Kulten til Demeter i regionen var relatert til Despoina, ein svært gammal ktonisk guddom. Demeter delte den doble funksjonen av død og grøde med dottera Persefone. Demeter og Persefone blei kalla Despoinai og Demeters. Denne dualiteten blei òg brukt i den klassiske perioden (Thesmophoroi, ‘dobbeltnamngudinnene’) og særleg i ein eid, «ved dei to gudinnene.»[42]

I Phlya-kulten blei ho tilbedd som Anesidora som sender opp gåver frå underverda.[43][44][45]

I Sparta vart ho kjend som Demeter-Kthonia (ktoniske Demeter). Etter kvar død skulle sørgetida enda med eit offer til gudinna. Pausanias trur at kulten hennar blei innført frå Hermione, der Demeter var knytt til Hades. I ein lokal legende var ei hole i jorda inngangen til underverda som sjelene lett kunne gå gjennom.[46] I Elis blei ho kalla Demeter-Chamyne (jordgudinna), i ein gamal ktonisk kult knytt til nedstiginga til Hades.[31] I Levadia var gudinna kjend som Demeter-Europa og var knytt til Trophonius, ein gammal guddom for underverda. Orakelet til Trophonius var kjent i antikken.[47]

Pindar nyttar det sjeldne epitetet Chalkokrotos (‘bronselydande’). Musikkinstrument av bronse blei nytta i mysteria til Demeter, og den store mora Rhea-Cybele blei òg tilbedd med musikk frå cymbalar.[48]

 
Attisk kvit kalyks-krater frå 440-430 f.Kr. To kvinnelege figurar, truleg Demeter og Persefone.

I sentrale Hellas var Demeter kjend som Amfiktyonis i ein gudinnekult ved Anthele nær Thermopylae. Ho var den vernegudinna til ein gamal amfiktyoni. Thermopylae er ein stad med varme kjelder som blei rekna som inngangar til Hades, sidan Demeter var ein ktonisk gudinne i dei eldre lokale kultane.[49]

Atenarane kalla dei døde «demetrioi»,[20] og dette kan spegla eit samband mellom Demeter og den gamle dyrkinga av dei døde, som var knytt til den agrære trua på at nytt liv ville gro frå den døde kroppen, slik at ein ny plante oppstår frå nedgrovne frø. Dette var truleg ei tru som dei innvigde i mysteria til Demeter delte, slik Pindar tolka det: «Salig er den som har sett før han går under jorda; for han kjenner slutten på livet og kjenner òg den guddommelege byrjinga.»[50]

I Arkadia hadde Demeter epiteta Erinys (‘raseri’) og Melaina (‘svart’) som er knytt til myten om Demeter si valdtekt av Poseidon. Epiteta understreker den mørkare sida til karakteren hennar og tilhøyret til den mørke underverda, i ein gammal kthonisk kult knytt til trebygningar (xoana).[31][35] Erinnyer hadde ein liknande funksjon som den hemnande Dike (Re).[51] I mysteria til Feneus var gudinna kjend som Cidaria.[52] Presten hennar ville tok på seg masken til Demeter, som blei halden hemmelig. Kulten kan ha vore knytt til både Underverda og ei form for jordbruksmagi.[53]

Valmuegudinne

endre
 
Tekning av ein gullring som blei funnen i Mykene som viser ei sitjande gudinne med tre valmuefrøkapslar.

Theokrit frå Syrakus skildra ei av dei tidlege rollene til Demeter som ei gudinne for valmuar.

Karl Kerényi hevda at valmuar var knytte til ein kretisk kult som blei vidareført til Dei eleusinske mysteria i den klassiske Hellas. I ein leirestatuett frå Gazi[54] har den minoiske valmuegudinna frøkapslane, som kjelder til næring og narkose, i diademet sitt. Kerényi skreiv at «Det tykkjer seg sannsynleg at den store morgudinna som bar namna Rhea og Demeter, førte valmuar med seg frå den kretiske kulten sin til Eleusis, og det er nesten sikkert at i den kretiske kulten blei opium framstilt frå valmuar».[55]

Dyrking

endre
 
Terrakottafigurin av Demeter frå 550–500 f.Kr.

Demeter og Persefone var knytte til dei eleusinske mysteria. Dei eleusinske mysteria blei feira i rundt 2000 år, og var ein kult basert i Eleusis. Dei mindre eleusinske mysteria blei feira kvart år, og dei store kvart femte år.

Eit anna viktig ritual knytte til Demeter er thesmoforia, som blei feira i store delar av Hellas langt tilbake i tid. Det var berre gifte kvinner som kunne feire thesmoforia.[2]

På Kreta

endre

I ein eldre tradisjon på Kreta var vegetasjonskulten relatert til guddommen i hola.[56] Under bronsealderen dominerte ei naturgudinne både i minoiske og mykenske kultar. I linear B-inskripsjonane refererer po-ti-ni-ja (potnia) til naturgudinna som var opptatt av fødsel og vegetasjon og hadde visse ktoniske aspekt. Nokre lærde trur at ho var den universelle morgudinna.[57] Ein Llnear B-inskription på Knossos nemner potnia i labyrintet da-pu-ri-to-jo po-ti-ni-ja. Poseidon fekk ofte tittelen wa-na-ka (wanax) i linear B-inskripisjonane i rollen som konge av underverda, og tittelen E-ne-si-da-o-ne tyder på den ktoniske naturen hans. Han var den mannlege følgjesvenen (paredros) til gudinna i den minoiske og truleg den mykenske kulten.[57] I Amnisos-hola er Enesidaon knytt til kulten til Eileithyia, gudinna for fødsel, som var knytt til den årlege fødelsen av det guddommelege barnet.[58] Element av denne tidlege tilbedinga overlevde i den eleusinske kulten, der dei sa fram følgjande ord: «den mektige Potnia hadde fødd ein sterk son.»

På det greske fastlandet

endre
 
Demeter av Knidos, hellenistisk marmorskulptur, rundt 350 f.Kr.

Ein kjenner til større kultar til Demeter ved Eleusis i Attika, Hermion (på Kreta), Megara, Celeae, Lerna, Egla, Munychia, Korint, Delos, Priene, Akragas, Iasos, Pergamon, Selinus, Tegea, Thoricus, Dion (i Makedonia),[59] Lykosoura, Mesembria, Enna og Samotrake.

Mysiske Demeter hadde ein sju dagar lang festival i Pellené i Arkadia. Geografen Pausanias drog forbi ein heilagdom til den mysiske Demeter på vegen frå Mykee til Argos og fortel at ifølge Argive-tradisjonen blei heilagdomen grunnlagd av ein argivar som heitte Mysius og som tilbad Demeter.[60]

 
Azes-mynt frå India med bilde av Demeter og Hermes, frå 1. hundreåret f.Kr.

Heilage Demetra

endre
 
Statue av heilage Demetra.

Sjølv etter at Theodosius I gav ut ediktet i Thessaloniki som la ned forbod mot heidendkap i heile Romarriket, heldt folk i heile Hellas fram med å be til Demeter som «heilage Demetra» som vernehelgen for jordbruket.[61] Rundt 1765-1766 vitja antikvaren Richard Chandler, i lag med arkitekten Nicholas Revett og målaren William Pars, Eleusis og nemnde ein statue av ei karyatide og folkloren som var knytt itt han. Statuen blei sett på som heilag av lokalbefolkningen fordi han verna avlingane deira. Dei kalla statuen «heilage Demetra», ein helgen som hadde mange likskapar med myten om Demeter og Persephone, bortsett frå at dottera hennar var blitt kidnappa av tyrkarar og ikkje av Hades.[62] Lokalbefolkningen dekka statuen med blomster for å sikre fruktbarheita i åkrane sine.[63] Denne tradisjonen heldt fram til 1800-talet,[61] då statuen blei fjerna med makt av Edward Daniel Clarke som gav han til University of Cambridge.[62][63]

Festivalar

endre

Dei to hovudfestivalane til Demeter var heilage mysterium. Thesmophoria (11.-13. oktober) var berre for kvinner.[64] Dei eleusinske mysteriane hennar var opne for innvigde uavhengig av kjønn eller sosial klasse. I kjernen av begge festivalane var mytar om Demeter som mor og Persefone som dottera hennar.

Samansmelting med andre gudinner

endre

I den romerske perioden blei Demeter smelta saman med den romerske landbruksgudinna Ceres gjennom interpretatio romana.[65] Tilbedinga av Demeter blei formelt sameint med den av Ceres rundt 205 f.Kr., saman med ritus graecia cereris, ei gresk-inspirert kultform, som ein del av den generelle religiøse rekrutteringa av gudar i Roma som allierte mot Kartago mot slutten av den andre punarkrigen. Kulten oppsto i sørlege Italia (ein del av Magna Graecia) og var truleg basert på thesmophoria, ein mystisk kult vigd til Demeter og Persephone som «mor og jomfru». Han kom saman med dei greske prestinnene sine, som fekk romersk borgarskap slik at dei kunne be til gudane «med ein framand og utlendig kunnskap, men med ein innanlandsk og sivil intensjon».[66] Den nye kulten blei innsett i eit tempel som allereie var vigd Ceres, Liber og Libera, romerske gudar for plebeiarane på Aventinerhøgd. Frå slutten av 200-talet f.Kr. blei tempelet til Demeter i Enna på Sicilia anerkjent som det eldste, mest autoritative kultsentrumet til Ceres, og Libera blei anerkjend som Proserpina, den romerske ekvivalenten til Persefone.[67] Den felles kulten minna leiten til Demeter etter Persefone etter at ho blei teken til Underverda av Hades. På Aventinerhøgda tok den nye kulten ein plass i lag med den gamle. Han refererte ikkje til Liber, som hadde ei sentral rolle i plebeiarkulturen som patron og vernar av plebeiske rettar, fridommar og verdiar. Dei utelukkande kvinnelege innvigde og prestinnene i dei nye mysteria i «gresk stil» for Ceres og Proserpina blei forventa å oppretthalda det tradisjonelle, patrisar-dominerte sosiale hierarkiet og tradisjonelle moralen i Roma. Ugifte jenter burde etterlikna kyskleiken til Proserpina, jomfrua, gifte kvinner burde prøva å etterlikna Ceres, den hengivne og fruktbare mora. Ritane deira var meint å sikra ei god avling og auka fruktbarheita til dei som tok del i mysteria.[68]

Frå 400-talet f.Kr. blei Demeter òg sett på som likegyldig med den frygiske gudinna Cybele i Vesle-Asia.[69] Thesmophoria-festivalen til Demeter var populær i heile Vesle-Asia, og myten om Persefone og Adonis speglar på mange måtar myten om Cybele og Attis.[70]

Mytologi

endre

Det var Demeter si oppgåve å sørgje for hausten, og ho hadde også kontroll over årstidene. Det gav Demeter mykje kraft. Då dotter hennar Persefone blei bortført av Hades, vandra Demeter over heile jorda på jakt etter henne. Fordi ho var så opprørt, endra ikkje årstidene seg, og ingenting grodde. Etter ei stund klarte ikkje Zevs å sjå den døyande jorda meir, og han sendte Hermes for å hente Persefone tilbake. Før han fekk ho med seg, lurte Hades Persefone til å ete seks frø frå eit granateple. Sidan ho hadde ete mat frå underverda, høyrde ho til der, og måtte vera der ein tredel av året.[2] Demeter og Persefone blei gjenforeint og jorda blomstra, men kvart år, i tida når Persefone var i underverda hjå Hades, blei jorda igjen gold og aude. Slik forklarte dei gamle grekarane årstidene.

 
Gresk vase med gudesamling (øvst) og dei eleusinske mysteria og Demeter og Metaneira under.

Under Demeter si leiting etter Persefone, kom ho til byen Eleusis i Attika. Ho tok form som ei gamal kone og blei godt motteken av Kelevs, som var konge i Eleusis. Demeter fekk i oppgåve å passe på kongssønene Demofon og Triptolemos. Som ei gåve til Kelevs bestemte Demeter seg for å gjere Demofon udøyeleg. Det gjorde ho ved å dekke han med gudane sin mat, ambrosia, og å puste inn i han. Kvar natt brente ho vekk den udøyelege ånda hans over eit bål. Ho fortalte ikkje kva ho heldt på med til foreldra hans, og ein dag kom Demofon si mor Metaneira inn medan Demeter heldt på. Ho skreik i frykt over å sjå sonen sin over bålet. Det forstyrra ritualet, og Demeter kunne ikkje gjere Demofon udøyeleg. I staden lærte ho kunsten om jordbruket til Triptolemos, og han lærte det vidare til heile Hellas.

 
Triptolemos, Demeter og Persefone av Triptolemos-målaren, ca. 470 f.Kr.

Saman med resten av syskena sine, med unntak av yngstebroren Zeus, blei Demeter svelt som ein nyfødd av far sin, sidan ein spådom gjorde at han frykta å bli styrta av ein av borna sine.[71] Ho blei seinare frigjort då Zeus gjorde at Kronos kasta opp alle borna sine ved å gje han ein spesiell drikk.[72]

Demeter er kjend som mor til Persefone, som både Hesiod og den homeriske hymnen til Demeter skildrar som eit resultat av eit samleie med broren hennar Zeus.[73] Ei alternativ framstilling av saka er attgjeve i eit fragment av den tapte orfiske teogoni, som attgjeve ein del av ein myte der Zeus har samleie med mor si, Rhea, i form av ein orm, noko som forklarar opphavet til symbolet på Hermes-staven. Dottera deira blir sagt å vera Persefone, som Zeus så har samleie med for å skapa Dionysus. I dei orfiske fragmenta står det at «Etter at ho blei mor til Zevs, blei ho som var Rhea, Demeter».[74][75]

Både Homer og Hesiod, som skreiv kring 700 f.Kr., skildra Demeter som å ha hatt samleie med landbrukshelten Iasión i ein pløgd åker under bryllaupet mellom Kadmos og Harmonia.[76] Ifølge Hesiod førte dette samleiet til at Plutos blei fødd.

I Diodorus Siculus sin Bibliotheca historica, som blei skriven i det fyrste hundreåret f.Kr., var Demeter òg mor til Dionysus, med Zevs som faren. Diodorus skildra myten om Dionysus sin dobbeltfødsel (ein gong frå jorda, det vil seia Demeter, då planten spirte) og ein gong frå vinranken (når fruktene veks frå planten). Diodorus fortel òg om ein versjon av myten der Dionysus blei øydelagd av titane (‘søner av Gaia’), som kokte han, og korleis Demeter samla restane hans slik at han kunne fødast ein tredje gong (Diod. iii.62). Diodorus seier at Dionysus som son av Zevs og systera Demeter var ein minoritettradisjon, kanskje gjennom samanblanding av Demeter med dottera hennar, sidan dei fleste kjeldene seier at foreldra til Dionysos var Zevs og Persefone, og seinare Zevs og Semele.[77]

 
Dionysus (Bacchus) og Demeter (Ceres), antikk freske i Stabiae frå 1. hundreåret.

Theogonien til Hesiod (kring 700 f.Kr.) skildrar Demeter som den andre dottera til Kronos og Rhea, og syster til Hestia, Hera, Hades, Poseidon og Zevs.

Bortføringa av Persefone

endre

Dottera til Demeter, Persefone, blei bortført til underverda av Hades, som hadde fått løyve frå far hennar, Zevs, til å ta henne som kone. Demeter leita etter henne utan stopp i ni dagar, oppslukt av sorg hennar. Hekate gjekk då til henne og sa at sjølv om ho ikkje hadde sett kva som skjedde med Persefone, hadde ho høyrd henne ropa. Dei to gudinnene gjekk saman til Helios, solguden, som var vitne til alt som skjedde på jorda på grunn av den høge plasseringa si. Helios fortalde då til Demeter at Hades hadde ført ei skrikande Persefone vekk for å gjera henne til kona si, med løyve frå Zevs, faren til jenta. Demeter blei fylt av sinne. Årstidene stoppa; levande ting stoppa å veksa og byrja å døy.[78] Då alt liv på jorda var nær ved å døy, sende Zeus bodbringaren sin Hermes til underverda for å koma med Persefone. Hades ville gje henne fri om ho ikkje hadde ete noko medan ho var i riket hans, men Persefone hadde ete eit lite tal granateplefrø. Dette knytte henne til Hades og underverda i visse månader av året, mest sannsynlig den tørre middelhavssommaren, då plantene er truga av tørke, til trass for den folkelege trua om at det er hausten eller vinteren.[79][80] Det finst fleire variasjonar av denne grunnmyten. Den eldste overleveringa, Homersk hymne til Demeter, fortel at Persefone blei gjeven eit granateplefrø av Hades i løynd.[81] I Ovid sin versjon[82] et Persefone eit granatfrø villig og i løynd, og trur ho har lurt Hades, men blir oppdaga og nøydd til å bli verande. Demeter si reise til underverda for å henta Persefone tilbake er knytt til Dei eleusinske mysteria.[83]

Demeter i Eleusis

endre

Under leitinga si etter dottera kom Demeter til palasset til Keleos, kongen av Eleusis i Attika. Ho tok form av ei gamal kvinne og bad om ly. Han tok henne inn som passar for Demofon og Triptolemus, sønene hans med Metanira. For å gje han ei belønning, planla ho å gjera Demofon udøyeleg; ho salva barnet i løynd med ambrosia og la han i elden i åra for å gradvis brenna bort det dødelege sjølvet hans. Men Metanira kom inn, såg sonen sin i elden og skreik av frykt. Demeter avbraut forsøket. I staden lærte ho Triptolemus løyndommen med jordbruk, og han lærte det vidare dei alle som ville læra. Dermed lærte menneskeheten å planta, dyrka og hausta korn. Myten har fleire versjonar; nokre er knytt til figurer som Eleusis, Rarus og Trochilus. Demofon-elementet kan vera basert på ei tidlegare folkesoge.[84]

 
Demeter i sorg. Marmorrelieff frå Knossos.

Demeter og Iasion

endre

Odysseen frå kring slutten av 700-talet f.Kr. inneheld kanskje dei fyrste direkte referansane til myten om Demeter og maken hennar Iasión, ein samotraksisk helt med eit namn som kan visa til vindel, ein kvit blome som ofte veks i kornåkrar. I Odysseen skildrar Kalypso korleis Demeter, «uten forkleding», elska med Iasion. Zeus blei klar over det snart og kasta lyn mot Iasion og drep han.[85] Men Ovid seier at Iasion levde fram til alderdommen som mannen til Demeter.[86] I den gamle greske kulturen omfatta ein del av opninga av kvart landbruksår det å skjera tre furer i marka for å sikre fruktbarheita.[87]

Hesiod utvida myten frå dette grunnlaget. Han fortel at samleiet mellom Demeter og Iasion fann stad ved bryllaupet til Kadmos og Harmonia på Kreta. I denne versjonen hadde Demeter lokka Iasion bort frå dei andre feirande. Hesiod seier at Demeter etterpå fødde Plutos.[88]

Demeter og Poseidon

endre
 
Romarsk kopi av ei gresk byste frå 300-talet f.Kr.

I Arkadia, som i dag er sør i Hellas, var den store gudinna Despoina rekna som dotter til Demeter og Poseidon Hippios (‘Heste-Poseidon’). I tilknytte mytar representerer Poseidon elveånda frå underverda, og dukkar opp som ein hest, noko som ofte skjer i nordeuropeisk folklore. Myten fortel korleis han forfølgde den eldre syster si, Demeter, som gøymde seg frå han blant hestene til kong Onkios, men sjølv i form av ei hoppe kunne ho ikkje skjula guddommen sin. Poseidon fanga og valdtok syster si i form av ein hest. Demeter var rasande på Poseidon; i denne rasande forma blei ho kjent som Demeter Erinys. Sinnet hennar mot Poseidon dreiv henne til å kle seg i svart og halda seg i ei grotte for å reinsa seg, ei handling som førte til hungersnød over heile verda. Fråværet til Demeter førte til at avlingar, husdyr og til slutt folk som var avhengige av dei døydde (seinare arkadianske tradisjonen held at det var både raseriet til Poseidon og tapet av dottera hennar som førte til hungersnøda, og samanførte dei to mytene).[23] Demeter vaska bort sinnet sitt i elva Ladon, og blei til Demeter Lousia, ‘Demeter som har lauga seg’.[89]

Demeter og Erysikhthon

endre
 
Demeter gjev ordre om hunger for å straffa Erysikhthon.

Ein annan myte om Demeter sitt raseri som førte til svolt er den om Erysikhthon, kongen av Thessalia.[23] Myten fortel at Erysikhthon hadde gjeve ordre om å fella alle trea i ein av dei heilage lundane til Demeter, sidan som han ville byggja ei utviding av palasset sitt og halda festar der. Eit tre, ei enorm eik, var dekka med votivkransar, symbol på bønnene Demeter hadde høyrd, så mennene til Erysikhthon nekta å kutta det ned. Kongen brukte ei øks til å fella treet, og drap ei dryade undervegs. Dei siste orda til nymfa var ei forbanning over Erysikhthon. Demeter straffa kongen ved å be Limos, ånda for ustoppeleg og umetteleg svolt, til å koma inn i magen hans. Jo meir kongen åt, jo svoltnare blei han. Erysikhthon selde alle eigedelane sine for å kjøpe mat, men var framleis svolten. Til slutt selde han dottera si, Mestra, som slave. Mestra blei frigjort frå slaveriet av den fyrste kjærasten sin, Poseidon, som gav henne gåva til å forandre seg til kva skapning som helst for å kunna koma seg fri frå fangenskap. Erysikhthon utnytta så evna hennar til forvandla seg til å selja henne mange gonger for å få meir pengar til mat, men han fekk aldri nok mat. Til slutt åt Erysikhthon seg sjølv.[90]

I ein variant av soga reiv Erysikhthon ned eit tempel til Demeter, for å byggja eit tak til sitt eige hus. Ho straffa han på same måte, og nær slutten av livet hans sende ho ein slange for å plaga han. Etterpå sette Demeter han blant stjernene (stjernebildet Slangeberaren), og gjorde det same med slangen, slik at han kunne halda fram med å straffa Erysikhthon.[91]

Kjelder

endre
  1. Δηώ
  2. 2,0 2,1 2,2 «Demeter». Store norske leksikon. 28. februar 2013. 
  3. Merriam-Webster's Encyclopedia of Literature. Merriam-Webster. 1995. s. 314. ISBN 9780877790426. 
  4. Lorena Laura Stookey, Thematic Guide to World Mythology, p. 99.
  5. Lee W. Bailey, "Dying and rising gods" I: David A. Leeming, Kathryn Madden and Stanton Marlan (eds.) Encyclopedia of Psychology and Religion (2009) ISBN 038771801X Springer, pages 266–267
  6. Y. Duhoux, "LA > B da-ma-te=Déméter? Sur la langue du linéaire A," Minos 29/30 (1994–1995): 289–294.
  7. Y. Duhoux and A. Morpurgo-Davies, Companion to Linear B, vol. 2 (2011), p. 26. But see Ventris/Chadwick,Documents in Mycenean Greek p.242: B.Dietriech (2004):The origins of the Greek religion Bristol Phoenix Press. p.172
  8. «da-ma-te». Arkivert frå originalen 18 March 2016. Henta 13 March 2014.  «PY 609 En (1)». Universitetet i Oslo. 
  9. Inscription MY Oi 701. «si-to-po-ti-ni-ja». Arkivert frå originalen 20 March 2016. Henta 13 March 2014.  «The Linear B word si-to». Palaeolexicon. Word study tool of Ancient languages.  «MY 701 Oi (63)». Universitetet i Oslo.  Cf. σῖτος, Σιτώ.
  10. «mother | Origin and meaning of mother by Online Etymology Dictionary». 
  11. «demeter | Origin and meaning of the name demeter by Online Etymology Dictionary». 
  12. Δημήτηρ. Liddell, Henry George; Scott, Robert; An Intermediate Greek–English Lexicon at the Perseus Project.
  13. 13,0 13,1 13,2 R. S. P. Beekes. Etymological Dictionary of Greek, Brill, 2009, p. 324.
  14. 14,0 14,1 Adams, John Paul, Mycenean divinities – List of handouts for California State University Classics 315. Retrieved 7 March 2011.
  15. Chadwick, The Mycenaean World, Cambridge University Press, 1976, p. 87) "Every Greek was aware of the maternal functions of Demeter; if her name bore the slightest resemblance to the Greek word for 'mother', it would inevitably have been deformed to emphasize that resemblance. [...] How did it escape transformation into *Gāmātēr, a name transparent to any Greek speaker?" Compare the Latin transformation Iuppiter and Diespiter vis-a-vis *Deus pater.
  16. West 2007, s. 176: "The ∆α-, however, cannot be explained from Greek. But there is a Messapic Damatura or Damatira, and she need not be dismissed as borrowing from Greek; she matches the Illyrian Deipaturos both in the agglutination and in the transfer to the thematic declension (-os, -a). (It is noteworthy that sporadic examples of a thematically declined ∆ημήτρα are found in inscriptions.) Damater/Demeter could therefore be borrowing from Illyrian. An Illyrian Dā- may be derived from *Dʰǵʰ(e)m-"
  17. Orphic Hymn 40 to Demeter (translated by Thomas Taylor: "O universal mother Deo famed, august, the source of wealth and various names".
  18. Compare sanskr. yava, lit. yavai, Δά is probably derived from δέFα :Martin Nilsson, Geschichte der Griechischen Religion, vol. I (Verlag C.H.Beck) pp 461–462.
  19. Harrison, Jane Ellen. «Prolegomena to the study of Greek religion». Cambridge [Eng.] : The University press. 
  20. 20,0 20,1 «Myths of Greece and Rome: Demeter and Persephone (Ceres and Proserpine)». 
  21. Frisk, Griechisches Etymological Woerterbuch. Entry 1271
  22. Stott, Carole (1. august 2019). Planisphere and Starfinder, pp. 69 (på engelsk). Dorling Kindersley Limited. ISBN 978-0-241-42169-7. 
  23. 23,0 23,1 23,2 Simon Hornblower, Antony Spawforth, Esther Eidinow, eds. The Oxford Companion to Classical Civilization. OUP Oxford, 2014; Pausanias, 8.42.1–4.
  24. Pausanias, 8.42.7.
  25. «Homer, Iliad, Book 5, line 493». 
  26. Iliad 9.534
  27. Hesiod Works and Days, 465
  28. Nilsson, (1967), Geschichte Vol I, 461–466
  29. «Henry George Liddell, Robert Scott, A Greek-English Lexicon, ζείδωρος». 
  30. «Sophocles, Antigone, line 1115». 
  31. 31,0 31,1 31,2 31,3 Stalmith in GRBS48 (2008), 116-117
  32. Nilsson, (1967), Geschichte Vol I, 468
  33. Farnell, Lewis Richard. «Cults Of The Greek States Vol.3». 
  34. Nilsson(1967) Geschichte Vol I, , 412, 467–478
  35. 35,0 35,1 Cole(1994) in Placing the gods 201–202
  36. Isocrates, Panegyricus 4.28: "When Demeter came to our land, in her wandering after the rape of Kore, and, being moved to kindness towards our ancestors by services which may not be told save to her initiates, gave these two gifts, the greatest in the world – the fruits of the earth, which have enabled us to rise above the life of the beasts, and the holy rite, which inspires in those who partake of it sweeter hopes regarding both the end of life and all eternity".
  37. Robertson in GRBS37(1996), pp. 351, 377–378
  38. Burkert(1985), 244
  39. Stalmith in GRBS48 (2008), 127
  40. Jeffery (1976), 23
  41. Pausanias, 8.42.1–4
  42. Stalmith in GRBS48(2008) 118–119
  43. Anesidora: inscribed against her figure on a white-ground kylix in the British Museum, B.M. 1881,0528.1, from Nola, painted by the Tarquinia painter, ca 470–460 BC (British Museum on-line catalogue entry)
  44. Hesychius of Alexandria s.v.
  45. Scholiast, On Theocritus ii. 12.
  46. Farnell Cults III, 48–49 Farnell III,48
  47. Farnell Cults III,30-31 Farnell III,30
  48. Raubitschek-Jane Biers, in MVSE vol. 31–32 (1997–1998), 53. MVSE (1997–1998), 53
  49. Jeffery (1976), The city states, 72-73
  50. John Ernest Leonard Oulton (1954). Alexandrian Christianity The Library Of Christian Classics; Volume II. Westminster Press. «And Pindar speaks of the Eleusinian mysteries as follows: "Blessed is he who has seen before he goes under the earth; for he knows the end of life and knows also its divine beginning."» 
  51. C.M. Bowra (1957), 87, 169
  52. Pausanias 8.15.3
  53. Nilsson, Geschichte Vol I p. 477-478
  54. Heraklion Museum, Kerényi 1976, fig. 15.
  55. Kerényi 1976, p. 25.
  56. Dietrich p. 169.
  57. 57,0 57,1 Dietrich, pp. 181–185.
  58. Dietrich, p. 141.
  59. Cohen, A, Art in the Era of Alexander the Great: Paradigms of Manhood and Their Cultural Traditions, Cambridge University Press, 2010, p. 213. Google book preview
  60. Pausanias, 7.27.9.
  61. 61,0 61,1 Keller, Mara Lynn (1988). «The Eleusinian Mysteries of Demeter and Persephone: Fertility, Sexuality, and Rebirth». Journal of Feminist Studies in Religion 4 (1): 27–54. ISSN 8755-4178. JSTOR 25002068. 
  62. 62,0 62,1 Cosmopoulos, Michael B. (2015). Bronze Age Eleusis and the Origins of the Eleusinian Mysteries (på engelsk). Cambridge University Press. s. 35. ISBN 978-1-316-36823-7. 
  63. 63,0 63,1 Sharma, Arvind (2005). Goddesses And Women In The Indic Religious Tradition (på engelsk). BRILL. s. 47. ISBN 978-90-04-12466-0. 
  64. Benko, Stephen, The virgin goddess: studies in the pagan and Christian roots of mariology, BRILL, 2004, note 111 on pp. 63 – 4, and p. 175.
  65. Larousse Desk Reference Encyclopedia, The Book People, Haydock, 1995, p. 215.
  66. Spaeth, Barbette Stanley, The Roman goddess Ceres, University of Texas Press, 1996, pp. 4, 6–13, citing Arnobius, who mistakes this as the first Roman cult to Ceres. His belief may reflect its high profile and ubiquity during the later Imperial period and possibly the fading of older, distinctively Aventine forms of her cult.
  67. Scheid, John, "Graeco Ritu: A Typically Roman Way of Honoring the Gods," Harvard Studies in Classical Philology, 97, Greece in Rome: Influence, Integration, Resistance, 1995, p.23.
  68. Spaeth, Barbette Stanley, The Roman goddess Ceres, University of Texas Press, 1996, pp. 13, 15, 60, 94–97.
  69. Eur.Hel.1301–45 and Melanippid.764PMG.
  70. Kore / Persephone. Encyclopedia of the Hellenic World: Asia Minor. http://asiaminor.ehw.gr/Forms/fLemmaBody.aspx?lemmaId=10541#noteendNote_11
  71. Hesiod, Theogony 453–455; Hard, p. 67.
  72. Grimal, s.v. Cronus.
  73. Hesiod, Theogony 912; Homeric Hymn to Demeter (2).
  74. Proclus, Commentary on Plato's Cratylus 403 e (90, 28 Pasqu.) [=Orphic fr. 145 Kern]; West 1983, p. 217.
  75. Kerényi 1976, p. 112.
  76. Homer, Odyssey 5.125; Hesiod, Theogony 969–974.
  77. Diodorus Siculus, Book III.
  78. Kerényi 1951, pp. 232–241 and notes 784–798.
  79. As in Burkert, Greek Religion (Harvard, 1985) p. 160.
  80. «Martin Nilsson, The Greek popular religion, The religion of Eleusis, pp 51–54». Sacred-texts.com. 
  81. «HOMERIC HYMN TO DEMETER». 
  82. Ovid, Metamorphoses (Book V, ln. 533–571)
  83. «The Eleusinian Mysteries: The Rites of Demeter». Henta 27. april 2019. 
  84. Nilsson (1940), p. 50: "The Demophon story in Eleusis is based on an older folk-tale motif which has nothing to do with the Eleusinian Cult. It is introduced to let Demeter reveal herself in her divine shape".
  85. Homer, Odyssey 5.125 ff (trans. Shewring)
  86. Smith, s.v. Iasion; Ovid, Metamorphoses 9.421
  87. «IASION - Greek Demi-God of the Samothracian Mysteries». 
  88. Hesiod, Theogony 969—974; Gantz, p. 64; Tripp, s.v. Iasion; Oxford Classical Dictionary, s.v. Iasion.
  89. Other ritually bathed goddesses were Argive Hera and Cybele; Aphrodite renewed her own powers bathing herself in the sea.
  90. Ovid, Metamorphoses 8.738–878; Callimachus, Hymn VI to Demeter 34 ff..
  91. Hyginus, De Astronomica 2.14.4

Bakgrunnsstoff

endre
  Commons har multimedium som gjeld: Demeter