Det Danske Institut i Athen

Det Danske Institut i Athen i Aten i Hellas, skipa 2. april 1992, er ein ålmennyttig, sjølveigande institusjon (stifting) under Uddannelsesministeriet (Utdanningsdepartementet), og vert drive med økonomisk stønad frå Nationalmuseet, Syddansk Universitet, Aarhus Universitet, Københavns Universitet, Kulturministeriet (Kulturdepartementet) og Ministeriet for Børn og Undervisning (Departementet for born og undervisning). Instituttet har til føremål «at fremme forskning, undervisning og kulturformidling inden for Grækenlands og Middelhavslandenes arkæologi, historie, sprog, litteratur, billedkunst, arkitektur og kulturtraditioner».

Det Danske Institut i Athen.

Instituttet er godkjend av kulturdepartementet i Hellas som arkeologisk skule, som er eit vilkår for at danske arkeologar kan få løyve av styresmaktene i Hellas til å gjere arkeologiske granskinga og utgravingar i Hellas.

Andre tilsvarande institusjonar i Aten

endre

Fleire land er representert i Aten med tilsvarande institusjonar, til dømes Noreg med Det Norske Institutt i Athen for klassiske studier, arkeologi og kulturhistorie, som universiteta i Tromsø, Trondheim, Bergen og Oslo står attom. Andre er American School of Classical Studies at Athens, Australian Archaeological Institute at Athens, Belgische School te Athene, British School at Athens, Canadian Institute in Greece, Deutsches Archäologisches Institut Athen, École française d’Athènes, Georgisches Institut in Athen, Irish Institute of Hellenic Studies at Athens, Nederlands Instituut in Athene, Österreichisches Archäologisches Institut Athen, Schweizerische Archäologische Schule in Griechenland, Scuola Archeologica Italiana di Atene, Suomen Ateenan-instituutti, Svenska institutet i Athen.

Bakgrunnsstoff

endre

Internettsidene til Det Danske Institut i Athen