Det Vestlandske Dampskibsselskab

Det Vestlandske Dampskibsselskab var eit dampskipsreiarlag på Vestlandet, skipa i 1878. Selskapet kom i stand etter at dei tre reiarlaga som dreiv DS «Vikingen», DS «Folgefonden» og DS «Lyderhorn» i fart mellom BergenHardangerStavanger, slo seg saman i 1878. DS «Lyderhorn» var bygd ved Bergens mekaniske verksted i 1878 og var eit hurtigskip som skulle trafikkere strekninga Bergen–Stavanger. Dette skipet viste seg å vere særs dyrt i drift og det førte til at selskapet lenge sleit med økonomien. Til slutt vart det overteke av Hardanger Søndhordlandske Dampskibsselskab (HSD) i 1883. Denne samanslutninga vart rekna for å vere det viktigaste som skjedde i historia til dampskipsfarten i Hordaland, og hadde særs stor tyding for den økonomiske utviklinga i Hardanger og Sunnhordland.

Det Vestlandske Dampskibsselskab
BransjeSjøfart, kollektivtransport, transport
LandNoreg

Kjelder

endre