United States Air Force

United States Air Force (forkorta USAF) er luftforsvaret til USA. Det har som oppdrag «å fly, kjempe og vinne i lufta, verdsrommet og cyberspace» («fly, fight, and win ... in air, space, and cyberspace»).[3] USAF vart oppretta som eigen våpengrein i 1947 då det vart utskild frå den amerikanske hæren.

United States Air Force


Skipa18. september 1947
HovudkontorThe Pentagon[1]
LandUSA[2]
TenesterCasa C-212 Aviocar, Lockheed Martin C-130 Hercules, McDonnell Douglas F-15 Eagle, Lockheed Martin F-35 Lightning II, Boeing KC-135 Stratotanker, Lockheed U-2, Northrop T-38 Talon, McDonnell Douglas DC-9
Grunnleggjar(ar)Kongressen i USA
Nettstadhttps://www.af.mil

USAF har (per september 2010) 332 200 mann i aktiv teneste og 216 774 i reserveteneste.[4] USAF har rundt 5 200 operasjonelle fly, inkludert bombefly, transportfly, bakkeangrepsfly og treningsfly. Det har òg mange helikopter for oppdrag som taktisk transport, redning og spesialoperasjonar.

Organisering

endre

USAF er ei våpengrein under Flyvåpendepartementet i det amerikanske forsvarsdepartementet. Administrativt blir USAF styrt av ein stabssjef, ein firestjerners general som er den øvste offiseren til flyvåpenet. Stabssjefen er underlagt Flyvåpenministeren, ein sivil embetsmann som styrer Flyvåpendepartementet og som igjen rapporterer til Forsvarsministeren.

Operativt er USAF organisert i 9 hovudkommandoar beståande av nummererte flyvåpen, som igjen består av to eller fleire luftdivisjonar. Kvar luftdivisjon består av to eller fleire vengjer, som igjen består av grupper, som vidare består av skvadronar. USAF sine operasjonelle ressursar blir forvalta av ni felleskommandoar som operativt rapporterer direkte til presidenten i USA. Dei operative avdelingane er organisert i 18 luftstyrkar. Fire av desse luftstyrkane er underlagt Luftkampkommandoen.

Utstyr

endre

US Air Force har over 5 200 ulike luftfartøy per september 2010: [4]

  • C-130E/H
    • AC-130H/U
    • EC-130E
    • EC-130H
    • HC-130N/P
    • LC-130H
    • MC-130E
    • MC-130H/P/W
    • NC-130H
    • TC-130H/S/W
    • WC-130H
  • C-130J
    • EC-130J
    • HC-130J
    • WC-130J




Historie i stikkord

endre
 
Båret på undersida av styrbord vengje oversida av babord og på begge sider av flykroppen.

Kjelder

endre
  1. https://www.usa.gov/federal-agencies/u-s-air-force; USA.gov; vitjingsdato: 22. oktober 2021.
  2. Global Research Identifier Database (på engelsk), GRID-identifikator grid.453002.0, Wikidata Q27768150, henta 29. september 2020 
  3. The Official Web site of the United States Air Force
  4. 4,0 4,1 Air Force Almanac

Bakgrunnsstoff

endre