Det andre meksikanske keisardømet

Det andre meksikanske keisardømet (Segundo Imperio Mexicano) var ei kortvarig statsform i Mexico som eksisterte frå Den franske intervensjonen i Mexico i 1863 til avsettinga og avrettinga av keisar Maximilian I og gjeninnføringa av republikken.

Imperio Mexicano
Det meksikanske keisardømet

1863–1867

Flagget til Mexico

Flagg

Nasjonalsong
Himno Nacional Mexicano
Hovudstad Mexico by
Religion Katolsk
Styreform Monarki
Keisar
 - 1864–1867 Maximilian I
Historie
 - Oppretta 1863
 - Opphøyrde 1867

Keisardømet blei oppretta med støtte frå Napoleon III av Frankrike, som ønskte meir kontroll og eit alliert monarki i Nord-Amerika. Ei folkerøysting utført under det franske militærstyret godkjende den austerrikske erkehertugen Ferdinand Maximilian av huset Habsburg-Lorraine som keisar. Han kom til landet i 1864 med kona si, Charlotte av Belgia.

Det nye monarkiet var støtta av ein mektig og konservativ lokal elite kjend som hacendado og hadde fransk, austerriksk og belgisk støtte. Det var i konstant konflikt mellom dei konservative og dei liberale, leia av den avsette presidenten Benito Juárez. USA rekna keisaren som ein fransk marionettleiar, og gav støtte til dei liberale kreftene. Dei kravde at Frankrike skulle trekka troppane sine ut, noko landet til slutt gjorde.[1] Etter ein kamp fall keisardømet i 1867, og Maximilian blei avretta 19. juni same året.

Sjå òg endre

Kjelder endre

  1. President Johnson biography, arkivert frå originalen 9. mai 2012  The Miller Center