Det austafrikanske høglandet

Det austafrikanske høglandet er ei fjellkjede aust i Zimbabwe og ein av fire særskilde fysikografiske regionar i Afrika.

Det austafrikanske høglandet
fjellkjede
Land  Zimbabwe,  Mosambik
Kart
Det austafrikanske høglandet
18°43′23″S 32°50′31″E / 18.723°S 32.842°E / -18.723; 32.842
Wikimedia Commons: Eastern Highlands, Zimbabwe
Den nordlege delen av Det austafrikanske høglandet sett frå byen Nyanga.

Fjella dannar den austlege grensa i Zimbabwe mot Mosambik og består av tre fjellgrupper

Desse regionane er eit tynt folkesett høglandsområde dekt med frodige grassletter og skogar.

Høglandet har eit kjøligare og våtare klima enn andre delar av Afrika med meir nedbør, lågt skydekke og mykje tåke og dogg skapt av fukta ført inn frå Indiahavet. Mange elvar spring ut i desse fjella, som dannar eit vasskilje mellom vassdraga til Zambezi og Save.

Den fysiografiske regionen består av Den austafrikanske rifta og abessinske fysiografiske provinsar, og er ein lde av den lange fjellrekkja som går langs Aust-Afrika og deler mykje av dei same plantene og dyrelivet som andre fjellområda aust på kontinentet.

Planteliv endre

Myke av området består av rullande, graskledde åsar, som gror til kvart år etter brannar som kan oppstå i den tørre tida av året. Somme dalar og austvendte fjellsider har område med tropisk regnskog, med høge trekroner, lianer og rik underskog. Det er større område med tørre skogar i høgda i område med god vasstilførsel og i tørrare fjellsider flekkar med miombo-skogar (Brachystegia spiciformis, Brachystegia tamarindoides og Uapaca kirkiana) og område med heier i høgareliggande område. Det finst flekkar med dei høge, evigrøne Mobola Plum Parinari curatellifolia nær byen Chipinge og på vestsida av Nyangafjella.

Dyreliv endre

Området har eit rikt dyreliv, som blå marekatt, kvithalsmarekatt, Myonycteris relicta (ein austafrikansk flygehund) og Rhampholeon marshalli (ein pygmekamelon). Mange av desse dyra finst i heile Aust-Afrika.[1]

Høglanda har òg eit rikt fugleliv[2] som trompeterhornfugl (Bycanistes bucinator), natalturako (Tauraco corythaix), purpurkroneturako (Tauraco porphyreolophus), parykkperlehøne (Guttera pucherani) og kronetoppørn (Stephanoaetus coronatus). Skogane er òg fulle av sommarfuglar og i underskogen finn ein forskjellige reptil som skinkar, gekkoar, øgler, froskar, padder og slangar.

Trugslar og bevaring endre

Fjellskogane er sårbare for nedhogging og grasmarkene er utsette for brannar. Regnskogane er utsette for nedhogging for at områda skal kunne nyttast til jordbruk. Det fuktige klimaet er ideelt for dyrking av te, kaffi og hardtre. Mykje av den originale vegetasjonen finst likevel enno, særleg i høgda der områda ikkje høver seg for jordbruk. Store område av høglanda er verna, mellom anna dei 171 km² store Chimanimani nasjonalpark og Nyanga nasjonalpark.

Kjelder endre

  1. «Eastern Zimbabwe montane forest-grassland mosaic». Terrestrial Ecoregions. World Wildlife Fund. 
  2. Ian Sincliar, Birds of Southern Africa, Struik Publishers 1996

18°43′23″S 32°50′31″E / 18.723°S 32.842°E / -18.723; 32.842