Det beliziske flagget

Det beliziske flagget byggjer på riksvåpenet, som er avbilda midt på. Flaggduken er blå med ei tynn raud stripe øvst og nedst. Flagget blei offisielt teke i bruk då Belize fekk sjølvstende i 1981. Eit liknande flagg hadde då vore brukt uoffisielt i Britisk Honduras sidan 1968.

Det beliziske flagget.
Det beliziske flagget med ein turist.

Flagget er det av verdas nasjonalflagg som har flest ulike fargar, tilv, som er tre meir enn neste flagg.[1] Det er også det einaste flagget til ein sjølvstendig stat som viser menneske.

Bakgrunnsfargane står for dei to største partia i landet, blått for People's United Party (PUP) og raudt for United Democratic Party (Belize) (UDP). Etter at UDP protesterte mot den tidlegare reine blåe bakgrunnen blei dei raude stripene lagt til.

Bakgrunnsstoff endre

Kjelder endre

  1. Belize Flag - Flags of Belize, arkivert frå originalen 4. januar 2010, henta 7. juli 2011 
  • Complete Flags of the World, Dorling Kindersley, femte utgåve 2008.