Bengal (bengali Bangala) er ein region nordaust på det indiske subkontinentet. Området er i dag delt mellom den indiske delstaten Vest-Bengal og Bangladesh.

Bengal
Land Mal:Landdata India, Bangladesh
Kart
Bengal
23°59′20″ N 88°43′52″ E
Wikimedia Commons: Bengal
Bengal i Sør-Asia.

Bengal er eit lågtliggande område dominert av elvesystemet til Ganges, Brahmaputra og bielver, som dannar Gangesdeltaet der dei renn ut i Bengalbukta. Det er eitt av verdas mest grøderike jordbruksområde, og er tett folkesett. Storbyane Dhaka og Kolkata (Calcutta) ligg i Bengal. Samstundes er delar av området svært utsett for flaum.

Bengal var ein provins under Mogulkeisaren. Området tilfall Det britiske austindiakompaniet etter Slaget ved Plassey i 1757, og blei ein del av Britisk India. Det blei delt i ein austre og ein vestre del i 1905 under generalguvernør Lord Curzon. Grunngjevinga for dette var at det ville letta administrasjonen av provinsane, men nasjonalistar som kjempa for indisk sjølvstende oppfatta det som eit forsøk på å dela og svekka dei.

Ved delinga av Britisk India i 1947, blei det hindudominerte Vest-Bengal del av sjølvstendige India og det hovudsakleg muslimske Aust-Bengal del av Pakistan. Aust-Bengal frigjorde seg frå Pakistan i 1971 under namnet Bangladesh. Bangladesh og Vest-Bengal deler framleis språk, kultur, alfabet og ein rik litteratur.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Bengal
  Denne geografiartikkelen som har med India og Bangladesh å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.