Det britiske toktet mot Dominica
| ||||||||||||||||||||||||||||||
|
Det britiske toktet mot Dominica var eit sjøslag i juni 1761 og ein del av sjuårskrigen.
Opptakt
endreMot slutten av1760 var erobringa av Canada fullført og mange britiske soldatar var ledige i Nord-Amerika.
Så tidleg som januar 1761 hadde William Pitt informert Jeffrey Amherst at han trong nokre av soldatane hans på hausten for å erobre Dominica, Saint Lucia og Martinique. Amherst sendte 2000 mann til Guadeloupe, som alt var på britiske hender etter det britiske toktet mot Guadeloupe i 1759. Amherst hadde i tillegg sendt 6000 mann seinare på året for å ta Martinique.
Toktet
endreDei første dagane av juni 1761 kom transportskipa frå Amerika enkeltvis til Guadeloupe då flåten hadde vorte spreidd under ein storm. 3. juni kom fire skip fram, i lag med Lord Rollo, som Amherst hadde gjeve kommandoen til.
Den 4. juni sette desse britiske skipa, i lag med eitt skip til, ut frå Guadeloupe, eskortert av skvadronen til sir James Douglas, admiralen på Leewardøyane. Styrken bestod av :
- ei avdeling frå garnisonen i Guadeloupe (300 mann)
- Høglendarar (400 mann)
- 22. fotregiment
- 94. fotregiment
Den 6. juni ved middagstider hadde britane kome fram til Roseau, der innbyggjarane vart samla for å overgje seg. Franskmennene svarte med å bemanne batteria sine og andre forsvarsverk, som omfatta fire linjer med skyttargraver ovanfor kvarandre. Rollo sette mennene sine i land og gjekk inn i byen. Han frykta at franskmennene kom til å verte forsterka i løpet av natta, og sjølv om det var seint, valde han å storme skyttargravene med ein gong. Han gjekk til åtak og dreiv ut franskmennene og tapte berre få menn sjølv. Den franske kommandanten og hans nestkommanderande vart begge tekne til fange. Etter dette stoppa motstanden.
Den 7. juni svor Dominica truskap til kong Georg.
Etterverknad
endreI motsetnad til Guadeloupe og Martinique, vart ikkje øya gjeven tilbake til Frankrike etter Paris-traktaten i 1763. Øya vart okkupert av Frankrike under den amerikanske sjølvstendekrigen mellom 1778 og 1783, og etter dette vart øya verande britisk fram til dei fekk sjølvstende i 1978.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «British expedition against Dominica» frå Wikipedia på engelsk, den 13. november 2010.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- Fortescue, J. W.; A History of the British Army Vol. II, MacMillan, London, 1899, s. 537–538.
- British expedition against Dominica
- Wars of the Americas: A Chronology, David Marley
- ↑ Marley, s. 288