Det donauske låglandet
Det donauske låglandet eller Donau-låglandet (slovakisk Podunajská nížina) er ein liten del av Den vesle ungarske sletta (slovakisk Malá dunajská kotlina) i Slovakia, mellom Donau, Dei vesle Karpatane og alle andre delar av Dei vestlege Karpatane.
Geomorfologisk dannar det eit samanhengande område i lag med Neusiedl-bekkenet (Neusiedler Becken) i Austerrike og Győr-bekkenet (Győri-medence) i Ungarn.
Låglandet er ei omfattande tektonisk senking fylt med lag frå neogen opp til ei høgd på mellom 100 og 350 meter.
Låglandet består av to område:
- Donauåsane i nord
- Donausletta i sør
Mange urbane og andre busetnader ligg i dette området, som hovudsakleg er eit jordbruksområde. Byane Topoľčany, Nové Zámky, Komárno, Levice, Dunajská Streda og Galanta er administrasjonssenter. Dei er industrisenter og senter for handsaming av jordbruksprodukt (møller, bryggeri osb.). Gamle vinområde (Svätý Jur, Pezinok, Modra) og kurstader (Piešťany, Dudince) finst òg på låglandet.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Danubian Lowland» frå Wikipedia på engelsk, den 5. april 2009.