Eesti Reformierakond
Eesti Reformierakond (Det estiske reformpartiet) er eit liberalt politisk parti i Estland. Parti har vore medlem av Den liberale internasjonale sidan 1996 og er òg medlem av Det europeiske liberaldemokratiske og reformpartiet. Ved parlamentsvalet i 2007 vart partiet det største, med 27,8 % av røystene og 31 representantar i nasjonalforsamlinga (Riigikogu), av 101. Partileiaran, Andrus Ansip, har vore statsminister i Estland sidan 2005. Han regjerer i koalisjon med det konservative partiet Isamaa ja Res Publica Liit og det sosialdemokratiske Sotsiaaldemokraatlik Erakond.
Eesti Reformierakond | |||
| |||
Land | Estland | ||
---|---|---|---|
Partileiar(ar) | Kaja Kallas | ||
Grunnleggjarar | Siim Kallas | ||
Grunnlagt | 18. november 1994 | ||
Medlemstal | 10 409 (10. august 2023)[1] | ||
Ideologi | klassisk liberalisme, konservativ liberalisme, proeuropeisk | ||
Politisk posisjon | sentrum-høgre |
Partiet vart stifta i 1994 og har teke del i dei fleste koalisjonsregjeringane i Estland sidan då. Det har soleis hatt stor innverknad på politikken i landet. Partiet har mellom anna fått innført flat inntektsskatt. Det er inspirert av den liberalistiske økonomiske tenkjinga til økonomar som Friedrich von Hayek og Milton Friedman. Partiet går inn for eit generelt lågt skattenivå. Det vil òg avskaffa verneplikta i Estland.
Oppslutning ved parlamentsval 1995-2011
endreÅrstal | Mandat | Røyster | |
---|---|---|---|
2011 | 33 | 28,6 % | |
2007 | 31 | 27,8 % | |
2003 | 19 | 17,7 % | |
1999 | 18 | 15,9 % | |
1995 | 19 | 16,2 % |
Litteratur
endre- Elisabeth Bakke (red): Sentral-Europa og Baltikum etter 1989 (2. utg.), Samlaget, 2006, 280 s. ISBN 82-521-6786-1.
Kjelder
endre- ↑ «Eesti Reformierakond». Henta 10. august 2023.