Den liberale internasjonale

Den liberale internasjonale er ein internasjonal paraplyorganisasjon for liberale politiske parti. Han vart grunnlagd i 1947 med målsetjing å styrka liberalt demokrati internasjonalt, og bekjempa totalitarisme, fascisme og kommunisme. Hovudkvarteret er i London. I Noreg er Venstre med i Den liberale internasjonale.

Den liberale internasjonale

Landinternasjonal
Grunnlagtapril 1947
HovudkvarterLondon
Ideologiklassisk liberalisme, Sosialliberalisme Sjå dette på Wikidata

Idéar som medlemspartia i Den liberale internasjonale har til felles er menneskerettar, frie og rettferdige val og fleirpartidemokrati, sosial rettferd, toleranse, ein sosial marknadsøkonomi, fri handel, berekraftig utvikling og internasjonal solidaritet. Kva idear kvart enkelt medlemsparti vektlegg mest varierer. Både liberalistiske og sosialliberale parti er med, frå Danmark er til dømes både Venstre og Radikale Venstre medlemer.

Sidan april 2006 er presidenten det nord-irske overhusmedlemmet Lord Alderdice, tidlegare leiar av Alliance Party of Northern Ireland og visepresident er det Nederlandske parlamentsmedlemmet Hans van Baalen. Generalsekretær er Jasper Veen.

Medlemmer endre

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre