Lagtinget på Færøyane
Lagtinget (færøysk Løgtingið [ˈlœktɪɲt͡ʃɪ], eller Føroya løgting [ˈfœɹːja ˈlœktɪŋɡ]) er den færøyske nasjonalforsamlinga. Som med Alltinget på Island og Tynwald på Man kan denne tingtradisjonen sporast tusen år tilbake i tid, og forsamlinga er dermed blant dei eldste i verda.
Løgtingið | |||
| |||
| |||
Virkefelt | Færøyane | ||
---|---|---|---|
Hovudkontor | Tórshavn | ||
Jurisdiksjon | Færøyane | ||
Nettside | http://www.logting.fo/ |
Soge
endreFram til 1557 blei tinget halde utandørs på Tinganes, om lag to gonger i året. Ingen av lovene var skrivne ned, så desse måtte hugsast av lovseiemannen (løgsøgumaðurin), som leidde tinget. Det noverande Lagtingshuset (Løgtingshúsið), eit trehus frå 1856, ligg sentralt i sentrum av Tórshavn ved sidan av det moderne kontorbygget til Lagtinget med dagens møtesal. Møta blir i dag leidde av lagtingsformannen.
Sidan Heimestyreloven av 31. mars 1948 blei verksam har færøyingane vald si eiga nasjonalforsamling og regjering. Lagtinget har 33 medlemmer frå seks parti, alle direktevalde i éin valkrins. Røysteføre er alle over 18 år. Riksombodsmannen representerer Danmark på Færøyane og deltek i møte på Lagtinget utan røysterett.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Lagtinget (Færøyene)» frå Wikipedia på bokmål, den 29. april 2011.
Bakgrunnsstoff
endre- Offisiell nettstad
- (fo) Soga om Lagtinget hjå Løgtingið.