Det franske austindiske kompaniet

Det franske austindiske kompaniet (fransk La Compagnie française des Indes orientales eller Compagnie française pour le commerce des Indes orientales) var eit handelsselskap grunnlagd i 1664 for å konkurrere mot Dei britiske og nederlanske austindiske kompania.

Franske og andre europeiske busetnader i India.
Fransk India på sitt mest utstrekte i 1741-1754

Det vart planlagt av Jean Baptiste Colbert og oppretta med løyve frå kong Ludvig XIV for å gjere handel på den austlege halvkula. Kompaniet oppstod med samanslåinga av tre tidlegare selskap, Compagnie de Chine frå 1660, Compagnie d'Orient og Compagnie de Madagascar. Den første generaldirektøren for selskapet var François Caron, som hadde verka for Det nederlandske austindiakompaniet i 30 år, over 20 av dei i Japan.[1]

Historie endre

Den første statsfinansierte franske reisa til Austindia skjedde i 1603 med Paulmier de Gonneville frå Honfleur som kaptein. Den franske kongen Henrik IV gav løyve til det første Compagnie des Indes Orientales, og gav selskapet monopol i 15 år på indisk handel.[2] Denne forgjengaren til Compagnie des Indes Orientales, var ikkje eit aksjeføretak og vart finansiert av staten. Kongen gav òg selskapet evig konsesjon for øya Madagaskar, samt andre område som dei klarte å erobre.

Selskapet klarte ikkje å grunnleggje ein vedvarande koloni på Madagaskar, men opprette hamner på dei nærliggande øyane Bourbon og Île-de-France (i dag Réunion og Mauritius). I 1719 hadde selskapet etablert seg i India, men var då nesten konkurs. Same året vart Compagnie des Indes Orientales av John Law slått saman med andre franske handelsselskap til Compagnie Perpétuelle des Indes).

Mogulriket vart svekka valde franskmennene å blande seg inn i indisk politikk for å verne interessene sine, hovudsakleg ved at dei danna alliansar med lokale herskarar sør i India. Frå 1741 følgde franskmennene under Joseph François Dupleix ein aggressiv politikk overfor både indarane og engelskmennene til dei omsider vart slått av Robert Clive.

Selskapet klarte ikkje lenger å oppretthalde seg sjølv finansielt og det vart nedlagt i 1769, om lag 20 år før den franske revolusjonen. Kong Ludvig XVI gav i 1770 ut eit edikt som gjorde at selskapet måtte overføre alle eigedommane sine til staten. Kongen sa seg då villig til å betale gjelda og obligasjonane til selskapet, men aksjeeigarane fekk berre om lag 15 % av pålydande verdi av investeringane sine då selskapet vart avvikla i 1790.[2]

Fleire indiske handelsplassar, som Pondicherry og Chandernagore, vart verande under fransk kontroll til 1949.

Kjelder endre

  • Denne artikkelen bygger på «French East India Company» frå Wikipedia på engelsk, den 1. januar 2009.
    • Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
  1. Caron budde i Japan frå 1619 til 1641. A Collector's Guide to Books on Japan in English By Jozef Rogala, p.31 [1]
  2. 2,0 2,1 Shakespeare, Howard (2001). «The Compagnie des Indes». Henta 1. januar 2009. 

Bakgrunnsstoff endre

Sjå òg endre