Opna hovudmenyen

Henrik IV av Frankrike (13. desember 155314. mai 1610) var konge av Frankrike frå 1589 til 1610 og konge av Navarra (Henrik III av Navarra) frå 1572 til 1610. Han vart fødd i Pau, og var den første franske kongen frå fyrstehuset Bourbon.

Henrik IV av Frankrike
HenriIV.jpg
Konge av Frankrike og Navarra
RegjeringstidNavarra 1572–1610 og Frankrike 1589–1610
Andre namnHenri IV, Henri de Bourbon
Fødd13. desember 1553
FødestadChâteau de Pau
Død14. mai 1610 (56 år)
DødsstadParis
MorJeanne d'Albret
FarAnton av Bourbon
EktefelleMargrete av Valois
Maria av Medici
SambuarGabrielle d'Estrées, Catherine Henriette de Balzac d'Entragues
BarnLudvig XIII av Frankrike, Elisabeth of France, Christine Marie of France, Gaston, Duke of Orléans, Henrietta Maria av Frankrike, César, Duke of Vendôme, Catherine Henriette de Bourbon, Nicolas Henri, Duke of Orléans, Alexandre de Vendôme, Henri, Duke of Verneuil, Antoine de Bourbon, Jeanne-Baptiste de Bourbon, Gabriela Angélica de Bourbon
FøregangarHenrik III av Frankrike
EtterfølgjarLudvig XIII av Frankrike

Paris er vel ei messe verdEndra

 
Henrik og kona Margareta. Frå Katarina av Medici si tidebok.

Trass i at han var protestant og leiar for hugenottane, gifta Henrik seg i 1572 med Margareta av Valois, prinsesse Margarete av Frankrike, dotter av Henrik II av Frankrike og Katarina av Medici. I løpet av bryllupsfesten tok katolikkane livet av mange hugenottar, den såkalla Bartolomeusnatta. Henrik redda sitt eige liv gjennom å gå over til katolisismen.

 
Henrik IV, konge av Frankrike og Navarra.

I 1576 stilde han seg på nytt i spissen for hugenottane sin kamp. Han vart utpeika til tronfylgjar av svogeren, Henrik III av Frankrike, medan han låg og skulle døy. Katolikkane ynskte ikkje å ha ein «kjettarkonge». Etter nokre år med strid, gjekk Henrik i 1593 over til katolisismen igjen, og vart i 1594 krona til konge. Ved overgangen til katolisismen, skal Henrik ha sagt «Paris vaut bien une messe»; 'Paris er vel ei messe verd.

Borgarkrigen tok slutt i 1594, og Henrik kunne gjera inntog i Paris. Katolisismen hadde sigra, men gjennom ediktet i Nantes av 1598 vart hugenottane sikra ei høvesvis trygg stilling i landet.

BakgrunnsstoffEndra

  Commons har multimedia som gjeld: Henrik IV av Frankrike
  Denne historieartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.