Det guineanske riksvåpenet

Det guineanske riksvåpenet blei teke i bruk 23. desember 1993. Riksvåpenet består av eit skjold som er vertikaldelt i to fargar, raudt og grønt. Over skjoldet er ei kvit due med ein olivenkvist. Under skjoldet er eit band med teksten «Travail, justice, solidarité» («Arbeid, rettferd, solidaritet»).

Guineas riksvåpen

Historisk utvikling

endre

Det fyrste riksvåpenet blei teke i bruk ved sjølvstendeserklæringa 2. oktober 1958. Skjoldet viste ein gull elefant med løfta snabel. I 1984 overtok ein ny president, Lansana Conté. Han fekk bytta riksvåpenet til eit riksvåpen som bestod av eit skjold med olivengrein, sverd og gevær.[1] I 1993 blei sverdet og geværet fjerna.

Bakgrunnsstoff

endre
  1. «Coat of arms of Guinea and the Flag of the President» (på engelsk). Henta 14. august 2017. 
  Denne artikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.